Då Eirik Odin Salmo Pedersen (22) skulle starte å studere, var det psykologi-vegen han eigentleg hadde peila seg inn på. Nå er han tilsett i eit vikariat som digital marknadsførar i Omega 365 Design, og ser seg ikkje tilbake på byttet av veivalet.
Med ein lidenskap for film og foto starta Marcus Rødne (20) som lærling hjå Omega 365 Design for to år sidan. No har han bestått fagprøva med vurderinga «meget godt», blitt fast tilsett som mediegrafikar og ser fram til å utvikle seg vidare innanfor faget.
Omega 365 Design er no ISO-sertifisert saman med morselskapet til Omega 365, Omega AS, og søsterselskapa Omega 365 Consulting, Omega 365 Solutions og Omega 365 Areal.
Sandsgruppa har jobba strategisk med å løfte fram butikkane på Sand og kva tilbod dei har. I dette spanande samarbeidet har me bidratt med nye nettsider, kurs og foto.
Frå februar må alle offentlege nettstader dokumentera i kva grad nettstaden er universelt utforma. Designarane Terje Hodne og Linn-Henny Andersen rådgjer gjerne i prosessen.
Dagens arbeidsmarknad krev meir enn tradisjonelle jobbannonsar. Det var temaet for Omega 365 Design sitt frukostmøte om rekruttering.
Allereie som 15-åring hadde Hanna Maria van Zijp fotoutstilling heime på Sand i Ryfylke. No er journalisten, fotografen og byplanleggaren tilbake i heimkommunen for å fortelje nye historier som kommunikasjonsrådgjevar i Omega 365 Design.
2022 har vore eit år med mange varierte og spennande oppgåver for gjengen vår! Her får du eit lite knippe av leveransane våre, som cornholespel, magasin, innhaldsproduksjon og nettsider.
Vikebygd-jenta Alida Frøvik Svendsbøe (18) starta i 2020 på vidaregåande med eit mål om å bli frisør, nå er ho fersk ut frå vidaregåande og starta i haust som profileringslærling hos Omega 365 Design.
Amalie Crowo (29) har vore innom dei fleste område innan media- og kommunikasjon. No har ho landa på tekstproduksjon og sosiale media, og det har ho gjort som kommunikasjonsmedarbeidar hos Omega 365 Design.
I år har me jobba tett med Fatland, som er det største privateigde slakteriet i landet og som har hovudkontoret sitt i Ølen.
Gunvor Tveita er dama bak Tveita Adventure og den unike domen på Tveitasjøen i Suldal. Me heiar på lokalt reiseliv og klappar i hendene av at folk som Gunvor vågar å satse. Dermed var gleda stor då ho tok kontakt for å tenkje marknadsføring og kommunikasjon. Me har laga den nye profilen til Tveita Adventure, i tillegg til at me har fått på plass dei nye nettsidene til bedrifta.
Me nyttar cookies/informasjonskapslar på nettsida vår for å sikre skjema, og samle statistikk om korleis besøkande brukar nettsida.