Rådgjevar med miljø-engasjement

Inga Klokkerstuen Wangensteen (35) brenn for utvikling av det lokale næringslivet og er stadig på jakt etter meir berekraftige løysingar i kvardagen. Nyleg starta ho i ny jobb som kommunikasjonsmedarbeidar i Omega 365 Design.

01. september 2021

Inga kjenner igjen ei god historie når ho ser den, og gler seg til å ta fatt i kommunikasjonsjobben der ho skal jobbe med innhaldsproduksjon, sosiale medium og redaksjonelt arbeid. Med seg inn i jobben har ho to bachelorgradar i språk, ein i tysk og ein i engelsk. Ho har og studert samanliknande politikk og juss, dei siste åra har ho jobba som lærar på vidaregåande skule.

– Eg har alltid likt å skrive, og språk har vore viktig for meg i utdanninga. I eit utvekslingsopphald i Tyskland fekk eg og oppleve eit litt anna land enn kanskje mange forventar seg. Tyskland er så mykje meir enn 2. verdskrig og Autobahn. Språket er ein inngangsport til kultur og for å kome seg på innsida av lokalsamfunnet, meiner ho.

– No gler eg meg til å bli ein del av eit kreativt miljø, og skape god kommunikasjon som treff folk, fortel Inga.

Ho meiner koronatida har vist kor viktig det er å ta vare på lokale bedrifter ute i distrikta, og at den digitale framgangen og gir næringslivet nye moglegheiter.

– Det viser jo at ein ikkje nødvendigvis må sitje på eit kontor i Oslo for å ha ein spanande jobb.

Ny kommunikasjonsjobb

Mange kjenner nok Inga frå Instagram der ho deler tips til ein meir berekraftig kvardag, glimt frå renovering av hus i Etne eller nyttige råd om korleis ein kan hindre matsvinn i familien. Inga er engasjert, og har funne sin plattform der ho i dag formidlar daglege tips og triks til nesten 1200 følgjarar. Erfaringane ho har gjort seg i Instagram er og gode å ta med inn i møte med kundar som ynskjer å bli meir synlege i sosiale medium.

– Når me landa på å flytte tilbake til Etne var det veldig kjekt å finne ein arbeidsplass der eg kan få jobbe med kreative oppgåver og kommunikasjon. Etter 10 år som lærar var det kjekt å prøve noko nytt, meiner Inga og viser til at sjølve heimreisa var litt tilfeldig.

– Eg trur nok det var korona-situasjonen som sette fart på det, og fekk oss til å vurdere det realistisk. No pussar me opp det gamle huset på tunet i Etne, og gler oss til å flytte inn etter kvart, fortel ho.  I  løpet av dei siste månadane har ho funne ut at praktiske oppgåver som snekring og montering er mykje kjekkare enn ho først trudde.

– Det er kjekt å finne ut av korleis me kan få det til, og ikkje minst sjå kva fargar dei har brukt opphavleg i huset frå gamalt, me vil gjerne finne tilbake til det uttrykket.

Klimaråd på Instagram

Sjølv om ho dei siste åra har vore lærar, og då mest på vidaregåande, så har tekstarbeid heile tida vore ein del av kvardagen hennar. Ho har skrive kronikkar, lesarbrev, blogg og ikkje minst uttallege innlegg i sosiale medium. Bak mange av tekstane hennar ligg engasjementet for klima og miljø.

– Då klimarapportane frå FN byrja å kome inn på midten av 2000-talet blei det ein vekkar for meg. Det vart med ein gong ganske alvorleg, at endringane kunne kome så raskt som dei blei skissert i rapportane. Eg måtte finne ut heilt konkret kva eg kunne gjere, som ikkje er politikar, men ein heilt vanleg innbyggar.

Dermed byrja ho å skrive blogg og nytta  sosiale medium for å nå ut med bodskapen. Noko som har gitt henne verdifull erfaring og kompetanse.

– Det er klart eg har lært mykje om korleis ein kan spisse bodskapen og nå publikum ein ynskjer å rette seg mot. Det er og viktig å få med seg nye funksjonar og moglegheiter som instagram og andre sosiale medium gir, det endrar seg heile tida så det kan vere vanskeleg å fange opp alt.

Ho har og tydelege klimaråd til dei som ynskjer ein grønare kvardag.

– Ta vare på det du har, undersøk om det du treng kan kjøpast brukt og kast mindre mat, tipsar ho.

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59