Ledige stillingar
Kommunikasjonsmedarbeidar
Send søknad
Communications assistant
Send søknad
Me er med på
Game oF Skills.
Sjekk ut JoBBane her!
Sjå stillingar
Omega 365 Design er eit lokalt design- og kommunikasjonsbyrå som har hovudkontor i Ølensvåg, med avdelingskontor i Haugesund og på Sand. Me utviklar og designar blant anna nettsider, appar, visuelle profilar, reklamemateriell og film. Me tilbyr kommunikasjonsrådgjeving, PR-arbeid og tekstproduksjon til nett og sosiale medium, i tillegg til kursing, med mål om å gjera kundane våre meir synlege i marknaden.
Game of Skills er eit prosjekt som synleggjer jobbmoglegheitene som finst i Etne og Vindafjord, og koplar arbeidssøkjarar til det lokale næringslivet. Les meir om Game of Skills her. Omega 365 Design er i vekst og har mange spennande prosjekt på blokka framover, og derfor har me valgt å vere ein del av Game of Skills i år også. Me ønsker i utgangspunktet å ansette nokon i fast stilling, men vil veldig gjerne også høyre frå deg som søker sommarjobb eller andre typar engasjement.
Me ser etter potensielle nye arbeidstakarar innan desse tenesteområda:
Som kommunikasjonsmedarbeidar i Omega 365 Design vil du vera ein del av kommunikasjonsavdelinga vår, som jobbar med mange spennande og varierte kundar.
Har du erfaring med å ta bilete er det eit pluss.
Er du målretta, har kommersiell teft, er sjølvgåande og er glad i å skriva, så kan dette vera midt i blinken for deg!
Me får stadig fleire oppdrag på film og ønskjer å styrka filmteamet vårt.
Har du også erfaring med animasjon, filming i studio og/eller reklame er det eit pluss.
Me ser etter ein allsidig designar med stor interesse for faget, som kan skapa gode visuelle løysingar for kundane våre. Me søkjer deg med sterk digital kompetanse, eit godt visuelt auge og god visuell formidlingsevne.
Det er ein fordel om du har erfaring med UX-design, illustrasjon, animasjon, digital marknadsføring og/eller Webflow.
Me søkjer etter ein omgjengeleg, serviceinnstilt og positiv prosjektleiar, som har erfaring frå reklame- eller innhaldsbyrå.
Klikk deg vidare via linken og fyll ut profil på jobbportalen til Omega 365.
Alle søknadar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Viss du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med dagleg leiar Astrid.