Om oss

Kvifor heiter me Omega 365 Design?

Historia vår startar med Norsk Plan som vart stifta i 1997. Selskapet hadde kontor i Suldal og i Oslo, og hadde ein sterk nynorskprofil. Selskapet leverte oppdrag og innhald til mange bedrifter, organisasjonar og kommunar som nytta nynorsk, i tillegg til nettstadar som framtida.no, magasinnett.no og lnk.no med fleire.

Etter kvart vart arbeidet med kommunikasjon, nettsider og grafisk arbeid spissa meir lokalt og regionalt. Selskapet skifta namn til Filter design & kommunikasjon i 2014 og i 2015 vart selskapet kjøpt opp av IT-konsernet Omega AS, som eit nytt dotterselskap. I 2018 skifta Filter namn til Omega design, og etter kvart til Omega 365 Design i samband med at Omega-konsernet endra namn.

Hovudmålet vårt er det same som i starten; å levere innhald av høg kvalitet til kundane våre! I dag er me ein totalleverandør innanføre kommunikasjon og design. Med 17 tilsette som er grafiske designarar, tekstforfattarar, web-utviklarar, systemutviklarar, filmfotografar, marknadsførarar, prosjektleiarar og kommunikasjonsrådgjevarar, jobbar me tett og kan skreddersy produkt ut i frå kundene sine behov.

Astrid Eidhammer Hjelmeland  og Judith Sørhus Litlehamar har vore med på ferda heilt sidan 2006 og 2007. Judith sit med roret på kontoret på Sand og Astrid er sprudlande dagleg leiar!

Som slagordet til moderkonsernet vårt Omega 365 seier: «Big enough to deliver - small enough to care». Det der kan me signere!