Generelle avtalevilkår for kjøp av produkt og tenester frå Omega 365 Design AS

1 Gyldigheit og revisjon

Desse generelle avtalevilkåra gjeld for alle kjøp av produkt og tenester relatert til trykksaker, mobilapplikasjonar og andre digitale løysingar frå Omega 365 Design, slik som drift, utvikling, design, rådgjeving, innhaldsproduksjon og marknadsføring samt bistand som brukarstøtte (support), konsulenttenester og opplæring.

I desse generelle avtalevilkåra tyder «Løysinga» alle typar løysingar som Omega 365 Design utviklar og/eller driftar for sine Kundar, inkludert – men ikkje avgrensa til – mobilapplikasjon, spesialprogram, plugins, integrasjonar, design, dokument, analysar, rapportar m.m.

Omega 365 Design kan revidere desse avtalevilkåra med ujamne mellomrom.

2 Prisar og prisendringar

Omega 365 Design sin standard timepris er kr 990,- for design- og kommunikasjonstenester og 1050,- for utviklingstenester med mindre anna er avklart i eigen avtale, avtale om timebank eller aksepterte tilbod. Reiseutgifter og diett vert fakturert i samsvar med faktiske utlegg og staten sine satsar. Reisetid vert fakturert med 60% av timeprisen. Reiser vert rekna frå utførande konsulent sin arbeidsstad og ikkje næraste Omega 365 Design-kontor.

Omega 365 Design endrar normalt ikkje sine timeprisar anna enn ved årsskiftet og då vert alle eksisterande Kundar med eigen avtale varsla om dette i forkant. Kundar utan avtale vert varsla ved at desse avtalevilkåra vert oppdatert.

Support og Kundestøtte vert fakturert per påbegynt halvtime.

Alle prisar, ratar og beløp er oppgitt eksklusiv meirverdiavgift.

3 Spesifikasjon og gjennomføring av leveransen

3.1 Spesifikasjon av Løysinga

Omega 365 Design skal sørge for at det føreligg ein eintydig skriftleg dokumentasjon av Løysinga som skal leverast før utvikling startar, i form av ein prototype. Arbeid med spesifikasjon og avklaringar av Løysinga vert sett på som rådgjevingsarbeid og vert fakturert med standard timepris. Dersom det skal leverast design og/eller innhaldsproduksjon  vert det operert med 1 korrekturrunde som standard, og endringar ut over dette vil fakturerast per time.

Arbeid med estimering og skriving av tilbod vert sett på som salsarbeid og skal ikkje fakturerast. Dette tyder at alle førespurnader som kjem til Omega 365 Design med ei eintydig løysningsbeskriving og spesifikasjon av leveransen som Omega 365 Design kan prise utan konsultasjon, møter eller avklaringar, tilkjem det ingen kostnadar for arbeid med spesifikasjon.

3.2 Gjennomføring av leveransen

Omega 365 Design vil starte på leveransen så snart det er mogleg og i samhøve med prioriteringar i forhold til alvorsgrad ved feil og Kundens ønsker. Alle leveransar utførast etter medgått tid med mindre fastpris er avtalt skriftleg på førehand.

Tingingar frå Kunde utover design og funksjonalitet som inngår i avtalt fastpris, vert fakturert per time etter skriftleg avtale med Kunde. Ved større endringar skal ein ny fastpris avtalast skriftleg med Kunden. Med fastpris, meiner ein prisen som er estimert og avtalt skriftleg med Kunden, for ei bestilt Løysing med definerte krav.

3.3 Dokumentasjon

Det leverast normalt ikkje brukardokumentasjon samen med Løysinga med mindre dette er avtalt og prisa som ein del av leveransen. Unntatt frå dette er standard brukardokumentasjon for standard programvare.

3.4 Opplæring

Dersom Omega 365 Design skal medverka med opplæring, skal dette kome fram av spesifikasjonen eller avtalast separat som eige oppdrag.

3.5 Vidareutvikling og forvaltning

Etter Løysinga er godkjent har Kunden rett til å be om vidareutvikling av Løysinga. Ei kvar vidareutvikling skal spesifiserast, prisast og tingast separat på lik linje med endringar i leveransen. Dersom det etter lansering vert behov for endringar i Løysinga som følgje av endringar i lovar og reglar eller endringar i tredjeparts programvare, nettlesarar eller andre årsaker utanfor Omega 365 Design sin kontroll, er dette vidareutvikling Kunden betalar for på timebasis.

3.6 Samvirke med annan programvare

I mange leveransar kan det vere aktuelt med integrasjon og samvirke med andre program (3-parts program produsert av andre firma).

Kunden er ansvarleg for å ha bruksrett og lisensar for all annan programvare Løysinga vert integrert med. Dette gjeld ikkje basisprogramvare som eventuelt er dekka av driftsavtalen, med mindre Kunden ikkje sjølv hostar eller har ansvar for drifta hos annan leverandør.

Mogelege kostnadar til annan programvare (lisensar, drift, installasjon, oppgraderingar m.m.) er Kunden sitt ansvar og forplikting. Oppgradering til nye versjonar av programvare som er integrert inn i Løysinga, er ikkje Omega 365 Design sitt ansvar med mindre dette er avtalt særskild. Dersom slike oppgraderingar fører med seg behov for at Omega 365 Design må rette eller utføra arbeid med integrasjonen, skal det utførast på timebasis i samsvar med gjeldande timeprisar.

Om tredjepart opphøyrer/sluttar å støtte sitt produkt, kan ikkje Omega 365 Design lastast for dette. Arbeid relatert til dette vert fakturert på timebasis.

3.7 Kundestøtte og support

Omega 365 Design har Kundestøtte og support som er ope på verkedagar mellom klokka 8 og 16. Kundar kan ta kontakt på teknisk@omegadesign.no. Alle spørsmål som vert sendt inn vert i utgangspunktet sett på som fakturerbare teneste, unntatt feilmelding eller førespurnadar.

4 Avbestilling

Før lansering har Kunden rett til, med minimum 30 (tretti) dagar skriftleg varsel, å avbestille Løysinga mot å betale Omega 365 Design:

  1. Det beløpet Omega 365 Design har til gode for allereie utført arbeid,
  2. Omega 365 Design sine dokumenterte kostnadar knytt til omdisponering av personell, og
  3. Andre direkte kostnadar som Omega 365 Design vert påført som følgje av avbestillinga.

5 Godkjenning av Løysinga

5.1 Kunden si godkjenning av Løysinga (akseptansetest)

Omega 365 Design skal gi skriftleg melding til Kunden når Løysinga er ferdig utvikla og lansert. Kunden skal då gjennomføre akseptansetest innan 10 verkedagar. Det er Kunden sitt ansvar å gjennomføre slik akseptansetest. Dersom Kunden treng bistand frå Omega 365 Design for gjennomføring av akseptansetest vert dette sett på som tilleggsarbeid utover sjølve leveransen. Dersom Kunden ikkje skriftleg melder feil eller manglar i Løysinga innan 10 dagar vert Løysinga sett på som godkjent (godkjenningsdag) og garantitida startar.

5.2 Garantiperiode

Frå godkjenningsdagen gjeld ein garantiperiode på 3 månadar for Løysinga.

5.3 Nivå på yting

Garantien gjeld utbetring av feil og manglar i Løysinga. Feil og manglar i Løysingar som er utført med avtalt pris vert i garantiperioden retta og levert kostnadsfritt til Kunden. Feil og manglar i Løysingar som er utført etter løpande timar vert fakturert på løpande timar.

Alle feil som vert meldt inn skal vere dokumentert, slik at dei kan reproduserast. Alle feil skal rapporterast skriftleg til Omega 365 Design via e-post teknisk@omegadesign.no.

Responstida vert rekna i forhold til normal arbeidstid på verkedagar.

Dersom Omega 365 Design etter garantiperioden må yte bistand med feilsøking og gjenskaping av feilen, vert dette sett på som fakturerbart arbeid, uavhengig av om feilen i utgangspunktet var Omega 365 Design sitt ansvar.

Dersom Omega 365 Design vel å rette feil i garantiperioden ved å levere ein ny versjon av Løysinga, har Omega 365 Design ikkje krav på vederlag for den nye versjonen sjølv om denne inneheld forbetringar.

For tilleggsleveransar etter lansering gjeld garantiytingane berre for den spesifikke delen av Løysinga som tilleggsleveransen omfattar. Kunden kan ikkje krevje garantiytingar for Løysingar som ikkje er råka av tilleggsleveransen.

5.4 Ekstra vederlag etter garantiperioden

Ved feil og manglar som ikkje vert dekka av garantien, vil Omega 365 Design yte same teneste som avtalt for garantiperioden, men då som ein fakturerbar teneste etter medgått tid og gjeldande timepris.

6 Fakturering og betaling

6.1 Fakturering

Vederlag for Løysinga vert fakturert Kunden straks Løysinga er lansert. Vederlag for andre tenester og produkt vert fakturert Kunden månadleg.

Fakturering av drift (hosting) og programvarevedlikehald skjer forskotsvis i januar og juli og for ein periode på 6 månadar. Første fakturering vert avstemt ved årsskiftet og kan avvike frå 6 månadars-perioden, ved at Kunden sin kostnad vert rekna høvesvis til talet månadar frå kontraktsinngåing til første årsskifte.

Betaling skal skje i norske kroner (NOK).

Der Kunden har tilrettelagt for det, skal Omega 365 Design levere faktura, kreditnota og purringar i samsvar til det fastsette formatet Elektronisk handelsformat (EHF).

6.2 Betalingsmisleghald

Dersom Kunden ikkje betaler til avtalt tid, har Omega 365 Design krav på rente av det beløp som er forfalle til betaling, i samsvar til lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinka betaling m.m. (forsinkelsesrentelova).

Dersom forfalle vederlag med tillegg av forsinkelsesrenter ikkje er betalt innan 30 (tretti) kalenderdagar etter forfall, kan Omega 365 Design sende skriftleg varsel til Kunden om at ytterlegare leveranse av tenester vert stoppa. Dette gjeld då også stopp i hosting (drift) av Løysinga med den ulempe, risiko og økonomisk tap dette kan medføre for Kunden.

7 Personopplysningar

Det er Kunden sitt ansvar å inngå databehandlaravtale med Omega 365 Design dersom dette er påkravd i samsvar til norsk lovverk. Omega 365 Design har standardmalar for dette og kan hjelpe i utarbeiding av databehandlaravtale.

Alle nettsider og digitale løysingar bør ha ei skildring av personvern og bruk av informasjonskapslar. Omega 365 Design kan hjelpe Kunden med utarbeiding av dette som eit vanleg betalt oppdrag.

8 Eiendoms- og disposisjonsrett

Kunden vil stå som leverandør i App Store og Google Play Store, mens Omega 365 Design vil stå som utviklar av applikasjonen. Ved marknadsføring av applikasjonen skal Omega 365 Design nemnast som utviklar av applikasjonen.

8.1 Kunden sine rettar

Kunden har bruksrett til programvara som er i bruk i samsvar til gjeldande reglar for den enkelte programvare.

Data vert lagra i applikasjonen og Kunden sin eigenutvikla designmal tilhøyrer Kunden. Med designmal, så meiner ein fargar, fontar og logo, og eventuelle illustrasjonar som Kunden har produsert sjølv eller via ein ekstern leverandør (ikkje Omega 365 Design). 

8.2 Omega 365 Design sine rettar

Omega 365 Design har opphavsrett til programvare og Løysingar som vert utvikla for Kunden.

Eigarskap til applikasjon, design og kode tilhøyrer Omega 365 Design. Med design, meiner ein blant anna UX, navigasjonsstruktur, prototype og grafisk design som er produsert av Omega 365 Design. Omega 365 Design har rettane til vidaresal.

9 Partane sin gjensidige lojalitetsplikt

9.1 Omega 365 Design sine plikter

  • Løysinga skal utviklast i samsvar med avtalen, og skal utførast profesjonelt, effektivt og med høg fagleg standard.
  • Omega 365 Design skal ha lojalt samarbeid med Kunden, og ivareta Kunden sine interesser.
  • Førespurnadar frå Kunden skal svarast på utan ugrunna opphald.
  • Omega 365 Design skal utan ugrunna opphald varsle om forhold som Omega 365 Design forstår eller bør forstå at kan få innverknad på gjennomføringa av prosjektet, medrekna eventuelle forventa forseinkingar.

9.2 Kunden sine plikter

  • Kunden skal lojalt medverke til gjennomføring av prosjektet.
  • Førespurnadar frå Omega 365 Design skal svarast på utan ugrunna opphald.
  • Kunden skal utan ugrunna opphald varsle om forhold som Kunden forstår eller bør forstå at kan få innverknad på gjennomføringa av prosjektet, medrekna eventuelle forventa forseinkingar.

10 Omega 365 Design sitt misleghald

10.1 Kva som vert rekna som misleghald

Det føreligg misleghald frå Omega 365 Design si side dersom ytinga ikkje er i samsvar med dei spesifikasjonar og fristar som er avtalt. Det føreligg også misleghald dersom Omega 365 Design ikkje oppfyller andre plikter etter avtalen.

Det føreligg likevel ikkje misleghald dersom situasjonen skuldast Kunden sitt forhold eller force majeure. Kunden skal reklamere skriftleg utan ugrunna opphald etter at misleghaldet er oppdaga eller burde vore oppdaga.

10.2 Sanksjonar ved misleghald

10.2.1 Tilbakehald av betaling

Ved misleghald kan Kunden halde betalinga tilbake, men ikkje openbart meir enn det som er nødvendig for å sikre Kundens krav som følgje av misleghaldet.

10.2.2 Prisavslag

Dersom det trass 4 forsøk ikkje har lukkast Omega 365 Design å avhjelpe ein mangel, kan Kunden krevje forhaldsmessig avslag i kontraktssummen. Prisavslag er kompensasjon for redusert verdi av det leverte, og er uavhengig av eventuell erstatning.

10.2.3 Erstatning

Ved vesentleg mislighald kan Kunden krevje erstatta eitkvart direkte tap. Erstatninga kan ikkje overstige kontraktssummen for den misleghalde leveransen.

10.2.4 Erstatningsavgrensing

Omega 365 Design sitt totale erstatningsansvar er under ei kvar omstende avgrensa til NOK 100.000.

Erstatning for indirekte tap kan ikkje krevjast. Indirekte tap omfattar, men er ikkje avgrensa til, tapt forteneste av ein kvar art, tapte innsparingar, tap av data og krav frå tredjepartar.

11 Kunden sitt misleghald

11.1 Kva som vert rekna som misleghald  

Det føreligg misleghald frå Kundens side dersom Kunden ikkje oppfyller sine plikter etter avtalen. Det føreligg likevel ikkje misleghald dersom situasjonen skuldast Omega 365 Design sitt forhold, eller forhold som vert sett på som force majeure. Omega 365 Design skal reklamere skriftleg utan ugrunna opphald etter at misleghaldet er oppdaga eller burde vore oppdaga.

11.2 Varslingsplikt

Dersom Kunden ikkje kan overhalde sine plikter etter avtalen, inkludert fristar, skal Kunden så raskt som mogleg gi Omega 365 Design skriftleg varsel om dette. Varselet skal forklare årsak til problemet og om mogleg også forklare når Kunden igjen kan overhalde avtalt plikt.

11.3 Tilleggskompensasjon

Dersom Kunden er forsinka med å oppfylle sine plikter etter avtalen, og dette medfører at Omega 365 Design brukar meir tid på å gjennomføre sin del av leveransen, har Omega 365 Design rett til å fakturere Kunden for meirforbruket av timar basert på gjeldande timepris.

11.4 Avgrensing i Omega 365 Design sin tilbakehaldsrett

Omega 365 Design kan ikkje halde tilbake ytingar som følgje av Kunden sitt misleghald, med mindre misleghaldet er vesentleg. Manglande betaling vert sett på som vesentleg misleghald, og gir Omega 365 Design rett til å halde tilbake nye leveransar, drift (hosting) og stoppe pågåande arbeid.

11.5 Erstatning

Ved vesentleg misleghald kan Omega 365 Design krevje erstatta eit kvart direkte tap. Kunden sitt totale erstatningsansvar er under ei kvart omstende avgrensa til  NOK 100.000.

12 Tilleggsvilkår for drift

12.1 Innhald av driftstenesta

Med drift meiner ein at Omega 365 Design hostar og driftar Løysinga. Tenesta inkluderer alt ein treng for at Løysinga skal fungere:

  • Maskinvare (server, switchar m.m.)
  • Basis programvare (operativsystem, webserver, viruskontroll m.m.)
  • Oppdatering av basis programvare.
  • Datalinjer.
  • Straum med backupløysingar og UPS.
  • CMS.
  • Backup av Løysinga.
  • Overvaking av Løysinga.

12.2 Oppdateringar

Oppdatering av Løysinga er del av driftstenesta. Ein skil mellom oppdatering av basisprogramvare, CMS og Løysinga.

Oppdatering av basisprogramvare slik som operativsystem, webserver inkl. PHP versjon, backupløysingar, virussjekk og anna basisprogramvare er inkludert utan nokon form for tillegg i prisen for drift. Unntatt frå dette er når det kjem nye generasjonar (hovudversjonar) av basisprogramvara som gjer at Løysinga må flyttast til ny server. Dersom dette skulle skje vert Kunden varsla og pris for flytting til ny server vert gitt. Dette skjer svært sjeldan. I nokre tilfelle kan oppdatering av basisprogramvare også påverke Løysinga. Meirarbeid på Løysinga som følgje av oppdatering av basisprogramvare vert utført på timebasis.

Oppgradering av CMS vert utført fortløpande etter kvart som oppgraderingar og tryggleiksoppdateringar vert gjort tilgjengeleg. Dersom det oppstår behov for feilretting og justeringar av Løysinga som følgje av oppdateringa, er dette noko som er utanfor Omega 365 Design sin kontroll og difor vert fakturert som nødvendige rettingar som følgje av oppgraderingar etter medgått tid. Det er sjeldan mogleg å vite om behov for justeringar og fakturerbar tid før oppdateringa er utført. Omega 365 Design vil difor ikkje varsle slik tidsbruk før oppdateringar vert utført, men skal så langt som praktisk mogleg varsle dersom det vert omfattande tidsbruk for slike rettingar. Tidsbruk på under 5 timer per oppdatering vert ikkje sett på som omfattande.  

Omega 365 Design vil følgje med på om det kjem tryggleiksoppdateringar og nye versjoner av CMS`et. Av omsyn til tryggleik i Løysinga og andre løysingar i same driftsmiljø, kan ikkje Kunden velje å stå over tryggleiksoppdateringar.

Dersom ei framtidig større oppgradering av CMS`et (f.eks. ny hovudversjon som ikkje kan oppgraderast automatisk) krev vesentlege endringar av Løysinga, vil Omega 365 Design avklare dette med Kunden før ei slik oppgradering vert gjort.

Løysinga vert oppdatert etter avtale med Kunde via support eller avtalt vidareutvikling. Slike oppdateringar vert fakturert etter avtale per oppdrag.

12.3 Garantiar og ansvar

Løysinga er hosta hjå underleverandør. Desse har kontinuerleg overvaking av servere, linjer og anna maskinvare og basisprogramvare. Dersom noko skjer med dette, vil utbetring av feilen starte omgåande heile døgeret alle dagar.

Feilmelding og feilhandtering for Løysinga vert berre utført innafor normal arbeidstid 8-16 på verkedagar. Dersom Kunden ønskjer utvida tilgang på brukarstøtte eller vaktordningar må dette avtalast særskilt med eigne prisar.

Omega 365 Design har ikkje ansvar eller erstatningsplikt ved hackerangrep, DDOS-angrep eller på anna måte for tap av data, og Kunden kan ikkje krevje erstatning dersom dette skulle skje. Kostnadar for utbetring av feil utover det å legge tilbake backup vert fakturert Kunden.

Kunden har ansvar for bruk og administrasjon av Løysinga. I dette ligg administrasjon av brukarar, adgangskontroll, innhald og andre element som ikkje er av teknisk karakter og som Kunden kan utføre i CMS`et. Kunden er ansvarleg for at nettsidene ikkje inneheld ulovleg materiale. Dersom dette likevel vert oppdaga tek Omega 365 Design atterhald om retten til midlertidig å stenge nettstaden til det ulovlege materialet er tatt bort.

13 Motstrid med andre avtalar

I tilfelle motstrid gjeld andre gyldige avtalar mellom partane framfor desse generelle avtalevilkåra. Gyldige avtalar er signerte avtalar, bekrefta epostar eller aksepterte tilbod. Alle gyldige avtalar skal vere skriftlege. Dersom slike inngåtte avtalar ikkje omtalar enkeltpunkt, vil desse generelle avtalevilkår vere gjeldande.

14 Tvisteløysing

Ei kvar usemje mellom partane skal ein prøve å løyse ved forhandlingar. Rettslege tvistar skal avgjerast av Haugaland tingrett.

Revisjon: 23. november 2020 Publisert: 24. juli 2023