Tett på Fatland
I år har me jobba tett med Fatland, som er det største privateigde slakteriet i landet og som har hovudkontoret sitt i Ølen.
Dei siste ni månadane har me jobba saman med leiinga på slakteriet som kommunikasjonsrådgjevarar og innhaldsprodusentar. For oss har det vore viktig at me blir godt kjende med kunden, og at dei kan stole på at me, via vårt breie nettverk, løyser dei utfordringane som dukkar opp.
Internt hjå oss har me dette året hatt eit eige Fatland-team, der det er kort veg frå ide til gjennomføring. Via jobben som vikarierande kommunikasjonsansvarleg har me hatt ansvar for dei aller fleste av kommunikasjonskanalane til bedrifta, både internt og eksternt. Me har laga nettsidesaker, sendt ut nyhendebrev til både tilsette og bønder, samt fylgt opp sosiale medium og gjennomført PR-arbeid.
Jenny Henriksen Leite har vore vår prosjektleiar i denne jobben, som nå blir overtatt av Annika Ø. Mæhle. Med seg har ho hatt Inga Klokkerstuen Wangensteeen, Hanna Maria van Zijp og Judith Sørhus Litlehamar som innhaldsprodusentar. Jenny har jobba tett med Fatland-leiinga og har hatt sin kontorplass hjå dei i Ølen to dagar i veka. På den måten har ho blitt godt kjent med slakteribransjen, og ikkje minst fanga opp tips til saker og tema som blir snakka om i gangane og rundt lunsjbordet hjå kunden.
Fatland har ei viktig rolle innan norsk matproduksjon, og tar samfunnsansvaret sitt på alvor. Dei er opptekne av mattryggleik, dyrevelferd og produksjon av sunn, rein og norsk mat. Dette krev godt kommunikasjonsarbeid i alle ledd, både ut til deg som forbrukar, deg som produsent og til styresmaktene som legg premissa for norsk matproduksjon. Me veit at det er viktig at bodskapen kjem i fleire kanalar og at det ligg ein god strategi bak arbeidet, ikkje minst for å oppnå gode resultat.
Gjennom dette arbeidet har me sett verdien av at me har vore tett på kunden, og hatt eit velfungerande team som har løyst oppgåvene etterkvart som dei kom inn i planen.