– Skapartrongen er noko grunnleggjande i meg

Designar Edna Haraldseid Trovanelli (55) har byrja i Omega 365 Design for å gjera det ho alltid har gjort: å skapa.

04. oktober 2022

I haust byrja Trovanelli i ny stilling som designar i Omega 365 Design, etter 20 år i avisbransjen. Det som byrja med ei deltidsstilling på annonsesal i lokalavisa Grannar, førte Trovanelli inn i grafisk design.

Sukkerjobben

– Eg hadde ein liten tilleggsjobb som annonseseljar i Grannar. Så blei eg spurt om å arbeida som grafikar. Eg tenkte ‘wow, dette er ein sukkerjobb! Eg får skapa!’, seier Trovanelli.

– Kva har du med deg frå Grannar?

– Erfaring og rutine, deadline-jobbing, vanen med å jobba under press. Så har eg gjort ein del kreative designjobbar for eksterne, seier Trovanelli, som har følgt Omega 365 Design tett.

– Eg har lenge sett opp til Omega og heldt eit auge med det dei jobbar med. Det er eg stolt av å vera ein del av, seier designaren.

– Alltid vore ei som lagar

Omega 365 Design drar allereie nytte av Trovanelli sin breie kompetanse som sjølvlært grafikar, i tillegg til årsstudium i digital mediedesign frå Universitetet i Sørøst-Norge. Ho vil arbeida med magasindesign, annonsar, trykksaker og andre utformingsoppgåver for alle typar kundar. Drivkrafta har Trovanelli hatt med seg heile livet.

– Skapartrongen er noko grunnleggjande i meg. Eg kjem ikkje frå ein spesielt kreativ familie. Men bestefar min kom frå ein møbelsnikkerfamilie i Øystese, så eg trur det kjem derfrå. Eg har alltid vore ei som lagar, seier Trovanelli.

Del av Drivhuset i Etne

Trongen til å skapa manifesterer seg også i andre kunstuttrykk. I tillegg til designar, er ho nemleg keramikar, med eigen verkstad i hagen. Det er bakgrunnen for Trovanelli sitt engasjement i Drivhuset i Etne sentrum, der ein gjeng kunstnarar tok over eit nedlagt hagesenter som hadde stått tomt i mange år. Der har dei bygt opp ein utsals- og arbeidsplass for aktørane som er med.

Reiselivsutdanna og språksterk

Nokon vil kanskje kalla konseptet litt kontinentalt. Det er ikkje heilt tilfeldig. Trovanelli har den sjeldne kombinasjonen designkompetanse og reiselivsutdanning, noko som har ført henne ut i verda. Trovanelli har budd i Italia og Sveits, og kan dermed høgtysk, sveitsisk-tysk og litt italiensk. I Noreg har ho etablert seg på tunet på eit nedlagt småbruk mellom Skånevik og Etne. I motsetning til den høge pulsen i jobben, er husprosjektet eit saktegåande prosjekt.

– Der handlar det om å berre gjera ferdig. Det tar veldig, veldig, veldig lang tid.

– Kva hastigheit trivst du best med?

– Kombinasjonen. Eg treng litt jording også. Balanse er viktig. Eg likar variasjonen i det som krev kreativ tenking, og dei jordnære og meir nedpå prosjekta. Dei utfyller kvarandre, seier designaren.