Turistguide for Røldal Reiselivslag
Røldal er eit populært reisemål heile året. Med ein ny reiseguide vil Røldal Reiselivslag presentere aktiviteter, overnattingsstadar, attraksjonar og serveringsstadar i Røldal for sommar - og vintersesongen.
Reiselivslaget ynskjer å inspirere besøkjande i Røldal til å stoppe i bygda fleire dagar, samstundes som ein får vist fram det som fjellbygda har å by på.
Røldal er kjent for å vera den mest snøsikre destinasjonen vinterstid og bygda byr på fantastiske vinteropplevingar, både i skitrekket, med frikøyring og skiturar i langrennsløypene. Vinterdagane i Røldal gir deg også nydelege toppturar og magiske opplevingar ved bålet.
På sommaren kan du nyte fjellturar, leige kajakk på Røldalsvatnet eller bade i friske bekkar. Valet er ditt.
Me har jobba med å skissere opp innhaldet, samle inn informasjon og foto, og ikkje minst designe turistguiden slik at den er blitt oversiktleg og informativ for gjestene i Røldal.
Me ynskjer Røldal Reiselivslaget lukke til som vertskap i 2019 - og takkar for jobben!