Smakane frå Ryfylke

Smakane frå Ryfylke

Fleire småprodusentar av mat i Ryfylke har slått seg saman i Rymat for å fremje smakane frå området - hjå oss fekk dei logo og marknadsmateriell

Rymat vart etablert for å gjera det lettare for småprodusentar av mat i Ryfylke å samarbeida og profilere seg under ein felles profil og identitet. Det bugnar av friske og frodige smakar i Ryfylke, og det er spanande at produsentane no vil stå saman for å vise fram kva regionen kan by på. Me i Omega Design har laga profil, profilmanual og marknadsmateriell for gjengen i Rymat. Me har fått smaken på Ryfylke!