Profil og nettside til Himlaleite

Profil og nettside til Himlaleite

Himlaleite er ei heilt spesiell bedrift som tilbyr like spesielle naturopplevingar. Gjengen som står bak selskapet vågar å tenkje nytt, her er det ikkje ferdigpakka opplevingar eller turar «alle går» på programmet.

Nettside

Tanken bak Himlaleite er at dei skal tilby den turopplevinga som passar nettopp deg og din familie – difor blir dei med deg heilt frå planlegginga i sofakroken til turen er vel gjennomført.

Omega 365 Design har bidratt med nettsidedesign for gjengen, og vidareutvikling av den grafiske profilen som nettopp viser oss himlaleite – der jord og himmel møtest.

I utviklinga av nettsida har det vore viktig å vise kven folka bak Himlaleite er, kva konseptet går ut på og ikkje minst inspirere lesaren til å ta kontakt. Nettopp difor vart det viktig med eit lett og elegant design, der bileta til Himlaleite sin eigen fotograf Espen Emil Søreng løfter heile produktet.

I nettsida er det også laga til ei tidslinje som viser prosessen og kva som skjer frå du tar kontakt til du er ute på tur.

Logoen er lett å kjenne att, og viser ein tydeleg identitet, både med tanke på namn og forma av det iglo-liknande teltet som er nytta her og. Fargen grøn viser oss at dette er eit naturprodukt og speler og på den gjennomgåande miljøprofilen reiselivsproduktet har.

Lukke til med vidare satsing, Gunvor! Me gler oss til å kome på besøk!

Desse jobba med dette prosjektet

Linn-Henny Andersen
Designar
Terje Hodne
Grafisk designar og web-utviklar
Judith Sørhus Litlehamar
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar