Ny nettside til Vestlamell 

Ny nettside til Vestlamell 

Vestlamell produserer trevarer til proffmarknaden. Nå har den tradisjonsrike bedrifta på Sand fått nye nettsider som gjer Vestlamell endå synlegare for nye og gamle kundar.  

Treprodusenten har etter mange år opparbeidd seg eit breitt nettverk i bransjen. Mykje av kundemassen til Vestlamell kjem via eige nettverk. Likevel såg den tradisjonsrike bedrifta fordelane med å visa betre igjen på nett. I samband med ei overordna strategiendring var tida inne for å få eigne nettsider som kunne nå ei utvida kundemasse.  

– 10 av 10

Omega 365 Design har nå levert totalpakke med både webdesign og innhald. Styreleiar i Vestlamell, Arild Tveteraas, er nøgd med både prosess og resultat på dei nye nettsidene.  

– Det er 10 av 10, heile greia. Me er veldig godt nøgde med samarbeidet, og opplevde at Omega 365 Design var lydhøyre, ryddige og kom med gode innspel. Totalen av foto, layout og tekstkvalitet skapar flott heilskapsinntrykk for oss, seier Tveteraas. 

Viktig å lesa kunden 

Han ser verdien av god kommunikasjon gjennom heile prosessen.  

– Det å utvikla ei nettside, kan ein del bedrifter kanskje kvi seg til. Kommunikasjonen må fungera, og prisen må stemma. Omega 365 Design har vore gode å lesa oss som kunde. Dette har vore avgjerande for det gode samarbeidet, seier Tveteraas. 

– Det faglege nivået er veldig bra. Eg opplever at resultatet er godt over det ein kan forventa i forhold til pris, seier Tveteraas.  

Synleggjera bedrifta med enkle grep

Designet skulle byggja opp under Vestlamell sine kortreiste og berekraftige produkt.  

Då logo og skrifttypar var relativt nye, trengte ikkje Vestlamell noko større grafisk løft. Raudfargen bedrifta har brukt, blei erstatta med ein mørk grøn farge som harmonerte godt med resten av nettsida. Målet var å finna enkle grep som kunne presentera Vestlamell på ein ny måte, som rigga bedrifta for framtida.  

– Kunden gav tillit

Designar i Omega 365 Design, Edna Trovanelli, har brukt spelerommet i eksisterande uttrykk, samstundes som at Vestlamell fekk ein ny og oppdatert fargepalett.  

– Eg var opptatt av at nettsida skulle vera stilrein, enkel og funksjonell. At me fekk lov å ha heile pakken med layout, foto og tekst, trur eg var avgjerande for eit godt resultat, seier Trovanelli.  

– Kunden gav oss mykje tillit, noko som gjorde at me saman fann ei retning for korleis Vestlamell skal framstå i marknaden, seier designaren.  

Desse jobba med dette prosjektet

Edna Haraldseid Trovanelli
Designar
Hanna Maria van Zijp
Fotograf og tekstforfattar
Terje Hodne
Webutviklar