Mitt Ryfylke i ny drakt

Mitt Ryfylke i ny drakt

Det regionale magasinet har kome ut fleire gonger i året sidan oppstart i 2013. Frå hausten 2017 har det ny, frisk utsjånad.

Det finst mange gode historier i Ryfylke og i kvart nummer av Mitt Ryfylke finn du ein sak frå kvar av dei åtte ryfylkekommunane. Målet er at magasinet skal spegle folket og livet i Ryfylke, ved å teikne eit bilete av ein robust region som kan rigge eit attraktivt samfunn der det er rom for nyetableringar, vekst og utvikling. Det skal kunne vise tilbod innan næringsliv, oppvekst, kultur, fritidsaktiviteter og offentlege tenester som er i regionen.

Magasinet blir distribuert til husstandar i ryfylkekommunane, Stavanger Kulturhus, Sola Strand Hotel, Spa Hotell Velvære, Ryfylkebiblioteket Forsand, Kulturhuset Jørpeland, AMFI Drift Storebrand avd. Kvadrat, Arena Ryfylke. Magasinet blir og lagt ut på strategiske møtepunkt på Haugalandet.

Les Mitt Ryfylke på nett.

Følg Mitt Ryfylke på Facebook.

Sjå alle utgåvene på mittryfylke.no.