Mellom jord og smelta malm
Me har designa boka som viser måleri og tekst frå Sauda Si Historie, i tillegg har me sett opp utstillinga i Sauda sentrum.
Mellom jord og smelta malm er eit samarbeidsprosjekt mellom Trond Carsten Øye og Lars Olav Fatland og handlar om Sauda si historie. Samarbeidet har resultert i ei bok og ei utstilling der Trond Carsten har måla 32 bilete som Lars Olav har skrive tekst til. Me i Omega Design har fått lov til å designe boka, vere prosjektleiar for trykking og produksjon av boka, i tillegg til at me har laga informasjonshefte og plakatar til utstillinga i sentrum.