Kortreist og lokal mat

Kortreist og lokal mat

Omega Design jobba tett med Ryfylke Mat for å utarbeide ein god kommunikasjonsstrategi og eit godt pakningsdesign.

Nicholas Guindani brenn for kortreist og lokal mat, og ynskte å få kjøttprodukta sine synlege. Han er kokk og driv Ryfylke Mat i Sauda der han både tilberedar lokal mat og produserer produkt som han sel i gardsbutikken sin. Me har laga kommunikasjonsstrategi for Nicholas, slik at han betre kan treffe sine målgrupper med målretta kommunikasjon. I tillegg har me laga pakningsdesign på produkta, som tar omsyn til den gode historia bak produktet.