Klar for Møgedalsmarknaden!

Klar for Møgedalsmarknaden!

Laurdag 6. oktober er det klart for ny utgåve av Møgedalsmarknaden. I år satsar Møgedal Mek. Verkstad på nye nettsider og meir innhald i sosiale medium.

Me har levert ny nettside for den mekaniske bedrifta, i tillegg til at me har laga ein digital presentasjon av annonsørane på marknaden og produsert innhald til sosiale medium i forkant av Møgedalsmarknaden.

For Møgedal er det viktig å vise fram mangfaldet av tenester, kva ein kan få i den varierte butikken dei har, kva oppdrag ein kan få utført på verkstaden og ikkje minst kva kompetanse dei har blant dei tilsette.

Dette er blitt gjort ved å produsere nye og meir oversiktlege nettsider, i tillegg til at ein har laga variert innhald til bedrifta sine kanalar i sosiale medium. No gler me oss til folkefesten i Bergekrossen på Sand laurdag!

Besøk nettsida her!