Grafisk profil til Vindafjord kommune

Kan ein kommune være fargerik og leken?

Så klart! Vindafjord kommune klarer fint å vise det i sin nye grafiske profil. Her er det spreke fargar, grafiske element og illustrasjonar som gir eit ekstra løft til både nettsida, annonser, rapportar og anna.

Sprek grafisk profil

Etter å ha oppdatert kommunevåpenet til den originale friske raude fargen, ga vi logoen ein ny og moderne skrifttype. I staden for at den raude logofargen benyttes for ofte, lar den nye grafiske profilen logoen “skinna” for seg sjølv mot dei andre fargane i profilen. Raudfargen brukes kun som små element gjennomgåande i profilen, gjerne som eit lite raudt hjarte.

Grafiske element og illustrasjoner

Dei grafiske elemententa i profilen er inspirert av den vakre naturen i Vindafjord: Bølgande frodige jorder, skog, fjell og dype fjorder. Vi har også latt oss inspirere av vestlandsværet, med øsande regn, solgangsbris, storm, slaps, snø og strålande varme soldagar. I tillegg til all den spennande industrien og næringslivet man finn i kommunen. Her er det utallige gründerbedrifter med innovative produkt og tjenester. Det bobler over i Vindafjord – og det føler vi at vi har fått fram i den nye grafiske profilen.

Ved å sette saman ulike grafiske elementa med fargane frå profilen, kan man variere og tilpassa illustrasjonane til alle behov og flater.

Profilmanual

Vi utarbeida også ein profilmanual til kommunen, slik at det skal væra enkelt å få oversikt over korleis man kan nytta den grafiske profilen. Man kan slå opp i profilmanualen for å finna oversikt over logovariantar, fargar, skrifttypar og de grafiske element. I tillegg finn man eksempel på bruk av profilen i annonsar, rapportar, presentasjonar, skilt osv.

Ein profilmanual gjer jobben mykje enklare når man skal utarbeide nytt materiell  – om det nå er trykksakar, skilt eller digitale produkt.

Det er også utarbeida ulike malar, både for bruk i Word og Powerpoint, slik at det er enklare å benytte profilen når ein skal utarbeide rapportar, presentasjonar etc. Nå kan man enkelt få ein fin framside med illustrasjon på rapporten man har skreve. Annonsemalar til bl.a. kunngjeringsannonser er også utarbeid.

Integrering av profil på ny nettside

Kommunen har fått ny nettside utarbeida av Acos og vi har hjulpe til med å integrere den nye profilen ved bruk av fargar, skrifttype og illustrasjoner på nettsida. Den nye nettsida har eit flott grensesnitt som gjer det enkelt å finna informasjonen man ser etter, samtidig som det er enkelt for kommunen å nå ut med informasjon til innbyggarane. Dei spreke fargane og illustrasjonane frå profilen myker opp inntrykket av nettsida.

Sjå profilen på nettsida