Emballasje for Fjellam

Emballasje for Fjellam

Under merkevara Fjellam samlar kvalitetsbevisste bønder seg for å fremje tradisjonsrik matproduksjon.

Fjellam frå Ryfylke går på eit bugnande heiabeite gjennom sommaren, noko som gir ein spesiell kvalitet og smak på kjøtet.

Rådgjeving

Fleire sauebønder i Ryfylke har lenge hatt ein draum om  å profilere produkta og ikkje minst historia om heiabeitet betre. Arbeidet har gitt resultat, no kan du nemleg sikre deg både pinnekjøt og fenalår frå Fjellam frå Ryfylke til jul. Me har vore med på heile reisa, frå kurs og kommunikasjonsrådgjeving i den spede starten av prosjektet, via design av ny visuell identitet for merkevara, og no sist med design og produksjon av emballasje til dei første Fjellam-produkta som er blitt tilgjengelege for kunden.