Alakara reiser med brosjyre og rollup
Alakara reiser oppfyller draumen din om å oppleve kultur, safari og daglegliv i Uganda. Me har jobba med kommunikasjonsarbeid, brosjyre og rollup for reiseselskapet.
Ingeborg og William Oluka driv reiseselskapet Alakara reiser frå Sand. Dei kjenner Uganda særs godt, og kan difor tilby spanande og minnerike turar til det dei kallar for Afrikas perle.
Kommunikasjonsplan
Me har vore ein sparringpartner på kommunikasjonsarbeid og planlegging, samt at me no har laga brosjyre og rollup for reiseselskapet som til dømes reiser ein del rundt på stand for å freiste fleire til å melde seg på turane.
Brosjyre og rollup
I brosjyren viser dei fram både litt om seg sjølve, og historikken bak selskapet, samt informasjon og bilete om dei tre ulike turane som selskapet no arrangerer i 2019.
I både brosjyre og rollup blir Uganda og turane vist fram på ein fargerik og spanande måte, målet er å vise at ein på desse turane kan oppleve alt frå safari, til kvardagslege menneskemøte og ikkje minst at ein kan bu på garden ekteparet Oluka eig i Uganda.
Me takkar for jobben og ynskjer lukke til med turane i 2019!