Framoverlent tankegang og eit engasjement som skal ta vare på det lokale

Omega 365 Design har utvikla nettside og visuell identitet for Jelsa hotell, eit unikt nyoppstarta hotell på Jelsa i Ryfylket.

06. mai 2022

Her er det tidlegare Jelsa bu- og omsorgssenter blitt renovert til eit flott hotell med lun og hyggeleg atmosfære. Hotellet ligg midt i Jelsa sentrum og her er det kort veg til båthamn, kai og butikk. Det finns også ein restaurant på hotellet, med fokus på lokal og kortreist mat.

Den nye visuelle identiteten reflekterer Jelsa og Ryfylket, og tek i tillegg med seg ein framoverlent tankegang og eit engasjement som skal ta vare på det lokale. Logoen representerer Jelsa og den kjende «Jelsapresten». Me utvikla eit symbol som synleggjer og gir identiteten gjenkjenning, særleg på små flater. Den naturtrue fargepaletten reflekterer området rundt.

Det var viktig for Jelsa Hotell å få ei god og oversiktleg nettside med tilhøyrande booking-løysning. Denne løysninga har me implementert frå VisBook.

Me har også bidratt med innhald for dei sosiale kanalane, i tillegg jobbar me med annonsering på både trykte og digitale flater.

Besøk nye nettsiden