
Visit Suldal med digital reiselivssatsing
Styrkar posisjonen som attraktivt og berekraftig reisemål.
- Suldal og gjestene våre fortener ein god presentasjon av kva ein kan oppleve av natur og aktivitetar, kultur og historie og ikkje minst folk, seier Laila Steine i Suldal Vekst i ei pressemelding om den digitale satsinga på reiseliv. og reiselivet lanserer no plattforma
– målet er at Suldal skal styrke sin posisjon som eit attraktivt og berekraftig reisemål.
I tillegg til den nye reiselivsplattforma Visit Suldal har også kommunen lansert profilen Skattkammeret Suldal i ny og meir moderne drakt.

Me fekk utvikle nettsidene til Visit Suldal, i tillegg til at me har vore med på produksjon av innhald - både til nettside, sosiale medium og i PR-arbeidet. Me har også modernisert Skattkammerprofilen, og gjort profilmanualen enklare og meir oversiktleg.
Utdrag frå profilhandboka til Skattkammeret i Suldal.
- Reiselivet er ei moderne næring som skaper arbeidsplassar. Gjestene er digitale i det meste dei gjer, og kommunikasjonen må målrettast meir mot rette og viktige gjestegrupper. For Suldal sin del var det på tide å styrke fokus på digitale kanalar og gjere eit løft både på nett, sosiale medier og i kommunikasjonen med gjestene våre, seier Steine om den digitale satsinga.
Me ynskjer Suldal lukke til med styrkinga av reiselivet!
