Tusenkunstnaren

Ingen utfordringar er for store for mediegrafikar og webutviklar Frode Bødtker (25). No kan han glede seg over ferdig læretid og kompetansebevis i boks, noko han har jobba målretta mot i mange år.

27. februar 2024

– Det aller kjekkaste er når ein kan vere med kunden heilt frå botn av, og bygge noko saman med dei. Slik eg nettopp fekk vere med på saman med Kulturnatt i Etne, det var kjekt, seier Frode og siktar til kulturfestivalen i Etne der Frode fekk laga ny logo og nettsider som han hausta mykje ros for. 

Frode er mannen som aldri seier nei, som smiler lunt til alle spørsmål som dukkar opp, og som har ei responstid dei fleste berre kan drøyme om. Sidan 2015 har han vore fast lærling og problemløysar i Omega 365 Design.

– Gratulerer med kompetansebevis, kva drøymer du om no? 

– Eg har jobba mot dette målet i mange år, så nå har eg eigentleg ikkje fleire mål. Eg vil utvikle meg fagleg og gjere ein god jobb, men eg har tenkt å gjere det her i Omega 365 Design. Denne gjengen og arbeidsplassen betyr mykje for meg, seier Frode. 

Stille gode spørsmål 

På jobb blir han sett på som ein «tusenkunstnar», og meir enn ein gong slår kollegaer fast at «me må spørje Frode om dette, han får det til». Om han ikkje har svaret med ein gong finn han som regel løysinga på ein god og smertefri måte. Det handlar om å våge å stille gode spørsmål, og aldri gi seg før han er i mål. 

– Eg kunne jo ikkje så mykje når eg starta opp som lærling her. Eg spelte ein del dataspel, og teikna mykje når eg var yngre, men noko anna bakgrunn hadde eg ikkje. I starten når eg fekk prøve meg på koding så stilte eg spørsmål til kollegaer om absolutt alt, etter den tid har det berre «bala på seg». 

– Utvikle nettsider er nok det eg har jobba mest med i åra her, og truleg og likt best. Men faget som mediegrafikar er jo breitt og handlar meir om å designe alt frå nettsider, logoar til annonser, film og foto.Eg likar godt at det er så variert. 

Bestått med glans

I kompetanseprøven han nettopp bestod med glans fekk han i oppgåve å lage ei annonse frå Trygg Trafikk som skulle vere retta mot unge og vere med på å auke bruken av refleks. Undervegs fekk han tilbakemeldingar frå sensorar på målgruppe og bodskap, han justerte og fekk brukt tida si godt, ikkje minst med gode innspel frå læreansvarleg i Omega 365 Design, Edna Trovanelli.

– Det var godt når det var over og alt var levert. Sensorane var nøgde og eg kunne puste letta ut. Det er jo heilt utruleg: på skulen var eg konsekvent vekke dei dagane eg skulle ha presentasjon og no klarte eg å gjennomføre denne prøven utan problem. Det har skjedd noko med meg der, og det gir sjølvsagt meistringskjensle. 

– Feira du kompetansebeviset stort? 

– Nei, eg er ikkje på god på det. Eg gjekk heim og sov, etter eit godt måltid med familien. 

Brikkene falt på plass

Me må spole tida tilbake til oppveksten på Bjoa for å forstå reisa til Frode betre. Frode var guten som ikkje fann seg heilt til rette på skulen. Han var uroleg på stolen, og hadde vanskar med å konsentrere seg lenge om gongen. 

– Dei testa meg allereie i tredje klasse for ADHD, men den gongen fann dei aldri ut av det. Og så vart det berre større avstand mellom det eg klarte å få med meg og det som var i pensum. 

Utover ungdomsskulen vart det stadig vanskelegare for Frode å henge på, og prestasjonsangsten byrja å knyte seg i magen. 

– Det er ikkje lett når ein ikkje føler ein får det til, eg hugsar godt me hadde oppe tema om økonomi i 9. klasse, og eg følte for første gong på lenge at eg forstod matte-timen. Då er det langt mellom kvart lyspunkt.

I tolvte time, etter 10. klasse fekk endeleg Frode diagnosen ADHD og sosial angst. Endeleg falt brikkene i puslespelet på plass.

– Når du får ADHD-diagnosen så seint kjem den sjeldan åleine, då har andre ting og fått lov til å utvikle seg. Det var godt at diagnosen kom på plass, då byrja snøballen å rulle, fortel Frode. 

Solskinshistorie

Etter ferdig ungdomsskule var Frode klokkeklår i sin tale: han ville ikkje gå vidare på skule før han visste kva han ville gjere. Han prøvde seg først som praktikant i barnehage, før mor tipsa om at Omega 365 hadde kjøpt opp det som då heitte Filter design & kommunikasjon, og som i dag er Omega 365 Design. Ho meinte han burde prøve å få praksisplass der, ikkje minst sidan han tidlegare likte så godt å teikne, og det heilt klart var nokre kreative interesser i han.

– Ho fiksa eit møte med byråleiar Astrid Eidhammer Hjelmeland og Lauren McPherson Simonsen som då var dagleg leiar i Filter design & kommunikasjon. Og dei var så positive som det går ann å vere, det var jo heilt fantastisk. 

Han hugsar godt første dagen på jobb, 15.oktober 2015. Ei rykande fersk utgåve av næringsmagasinet Tempo var levert på døra same dagen, og Frode storkoste seg frå første time.

– Det var heilt supert heilt frå starten, og eg har jo aldri høyrt noko anna enn gode ting om denne arbeidsplassen. Eg hadde ikkje vore lenge her før eg fekk prøve meg på utfordringar, og vart tatt med i diskusjonar. 

– Kode-språket er jo som alle andre språk. Det er vanskeleg når du ikkje kan det, men når du forstår det er det jo like enkelt å bruke det som andre språk. Og uansett kva du jobbar med som mediegrafikar  så handlar det om å få grunnmuren på plass, då er det alltid mykje enklare å bygge vidare på, seier Frode. 

Frode lyser opp når han snakkar om faglege utfordringar, men aller mest om det sosiale på jobben. «Denne gjengen kan eg stole på», seier han og smiler. Han veit at det aldri er langt unna ein god drøs ved kaffemaskina, ein lur kommentar i kontordøra eller latterkrampe i lunsjen. Og han set pris på alt saman. 

– Ta kontakt med bedrifter

– Har du eit godt råd til andre som kanskje ikkje har funne sin plass i skulen og den tradisjonelle lærevegen? 

Det finst så mange gode løysingar som ein ikkje nødvendigvis kjem på sjølv. Ta kontakt med bedrifter du kunne tenkt deg å jobba i, og høyr kva som er mogleg. Det er ikkje verre enn at ein får eit nei. Eg har vore heldig som har ein familie som har pusha på meg og hjelpt meg. Dei har heller aldri latt meg få slappe for mykje av, heime hjå oss måtte ein opp tidleg sjølv om ein ikkje skulle noko spesielt. Det var viktig å få mest mogleg ut av dagen uansett.


Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59