
Suldal kommune rekrutterer på film
Rekrutteringsfilmar i sosiale medium skal friste fleire til å bu og arbeide i Suldal.
Me har hatt med oss filmfotograf Elin Sørheim og fått laga nokre korte rekrutteringsfilmar for kommunen, som fungerer godt i sosiale medium og skal inspirere fleire til å oppdage kva Suldal har å by på. Desse filmane tar for seg yrka sjukepleiar, lærar og barnehagelærar. Samstundes viser dei også fritidsaktivitetar, kvardagsliv, urbant kafeliv og andre yrkesområde i kommunen.
Me har bidratt med prosjektleiing, saman med kunden har me laga storyboard og funne fram til dei personane, aktivitetane og bedriftene som vil fungere godt for å lage gode, informative og engasjerande filmar. I slike prosessar er ein heilt avhenging av dei som ynskjer å stille opp, og som byr på seg sjølv.
Me ynskjer Suldal kommune lukke til med vidare rekrutteringsarbeid og takkar for jobben!
