Omega 365 Design opnar kontor i Haugesund

– Med dette avdelingskontoret kjem me tett på eksisterande og potensielt nye kundar, og gjer det lettare å følgje opp kundane her lokalt i Haugesund, seier dagleg leiar i Omega 365 Design, Astrid Eidhammer Hjelmeland.

17. september 2021

Omega 365 Design opnar no avdelingskontor i dei same lokala til Omega 365 Solutions og Omega Areal på Norheim, noko som er ein del av ei strategisk tenking framover.

– Målet er å auke kundemassen, auke omsetnaden ved å tilby kvalitet og tett oppfølgjing til små, mellomstore og store bedrifter. Me har opparbeidd oss god inhouse-kompetanse og ressursar for produksjon av innhald, design, PR- og kommunikasjon, film, animasjon, foto, sosiale medie, nettsideutvikling og app-utvikling. Det kan og bli aktuelt å tilsette fleire ved Haugesund-kontoret om satsinga vert ein suksess, seier Eidhammer Hjelmeland.

Irene Landa, Linn-Henny Andersen og Erich Monteiro er dei tre tilsette frå Omega 365 Design som framover vil ha arbeidsplassen sin i Haugesund. Dei har alle fartstid som designarar, og set kundeoppfølgjing og gode løysingar for den enkelte kunden høgt.

– Eg ser fram til å vere rådgjevar og hjelpe kundar til å ta gode strategiske val, slik at dei får mest mogleg ut av marknadsbudsjettet sitt, seier Linn-Henny Andersen som har jobba i bransjen i over 10 år, og dei siste åra jobba mykje med digital marknadsføring.

Erich Monteiro har mange år bak seg der han har jobba strategisk med merkevara i Omega og med mange andre kundar, både lokalt og nasjonalt.

– Me ser fram til å bygge enda sterkare kunderelasjoner på Haugalandet. Me tek med oss solid kompetanse og ein «alt er mogleg-filosofi» for å kunne gjere dei nye kundane våre meir attraktive i ein konkurransepressa marknad, meiner Monteiro.

Irene Landa er det nok mange som kjenner frå Landa Design.

– Eg har eit stort nettverk i Haugesund-området, som eg no gler meg til å få enda tettare kontakt med. Ekspertfeltet mitt er design av visuelle identitetar og UX-design. Saman ynskjer me å levere gode brukaropplevingar og gode visuelle løysingar på alle flater, seier den erfarne designaren.

Omega 365 Design er del av Omega 365-konsernet og har i dag hovudkontor i Ølensvåg, med avdelingskontor på Sand og i Haugesund. Totalt er det 17 tilsette i bedrifta.

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59