Omega 365 Design er ISO-sertifisert

Astrid Eidhammer Hjelmeland, dagleg leiar for Omega 365 Design er glad for å ha blitt ISO-sertifisert saman med morselskapet Omega 365 og systerselskapa Omega 365 Solutions ved dagleg leiar Svein Tore Haraldseid (t.h), Omega 365 Consulting ved dagleg leiar Anders Lunde og Omega 365 Areal ved dagleg leiar Gisle Heggebø.

21. juni 2023

– Det er flott å få eit bevis på at systemet vårt Omega 365 held mål, og at vi klarer å levere etter standardane som blir forventa av oss, seier konsernsjef Petter Aalvik.

I april blei selskapa sertifiserte etter ISO-standardane ISO 9001 (Kvalitetsledelse), ISO 14001 (miljøstyring), ISO 45001 (Leiingssystem for arbeidsmiljø) og ISO 27001 (Leiingssystem for informasjonssikring).

– Vi har alltid hatt som krav frå kundane våre at vi skal levere i samsvar med desse tre ISO-standardane. Når vi ikkje har hatt sertifikat, har vi måtta levere omfattande dokumentasjon til kvar einskild kunde, slik at dei sjølve kan sjå at vi leverer i tråd med standardane, seier Aalvik.

– No slepp vi denne usikkerheita. Vi har bevis på at vi er der som vi alltid har sagt at vi er, seier han.

Kvar av selskapa har hatt eigne team som har gjennomført interne gap-analyser mot krava i standardane. Det har også vore fleire møter der alle teama har deltatt, og ein har sett på heilskapen i konsernet.

Omfattande arbeid

Aalvik framhevar jobben som HMSK-leiar for konsernet, Karina Hovden Stava, og teamet hennar har gjort for å oppnå sertifiseringa.

– Dei har gjort eit omfattande arbeid for å etablere Omega 365 som eit verksemdsstyringssystem som blir anerkjent av sertifiseringsorgan i form av ISO-sertifikat.

Stava legg vekt på at selskapet ønska å gjennomføre ISO-sertifisering for å få dokumentasjon på at løysinga i systemet Omega 365 støttar krava i standarden, og for å vise dagens og potensielle kundar at ein jobbar på ein tilfredsstillande måte.

– Det er også viktig at selskapa våre i utlandet har ein sertifisering dei kan støtte seg på ved anbod og sal til kundar globalt, seier ho.

– No har vi fått ein tredjepart som ser oss nøye i korta og verifiserer at prosessane våre er i tråd med forventa standard, både når det gjeld kvalitet, arbeidsmiljø og ytre miljø.

Frå venstre: Kjersti Reiersen, Business Support i Omega 365 Consulting; Rune Halbrend, systemkoordinator i Omega 365 Solutions; Karina Hovden Stava, HMSK-leiar; Veronica Askeland, Business Support i Omega 365 Solutions; og Lene Langelandsvik, administrativ leiar i Omega 365 Areal.

Motivert selskap

Prosassene har vore krevjande, men også lærerike.

– Veldig mykje av det vi gjer har blitt diskutert og konkludert i møter. Å få dokumentert vedtak, risikovurderingar, tiltak og endringar rett har vore ei omstilling, men det blir veldig bra, seier Stava.

– Ei annan utfordring har vore å prioritere tid til å jobbe systematisk saman med rådgjevingsselskapet Kiwa. Selskapa våre har travle kvardagar, og ein sertifiseringsprosess tar tid og ressursar. Heldigvis har selskapa vore svært motiverte for å få dette på plass.

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59