Nytt Tempo ute nå

Nytt nummer av Tempo, næringsmagasinet for Etne og Vindafjord ute nå.

02. desember 2016

I denne utgåva av Tempo kan du lese om utvikling i bedriftsklynga hjå Hatteland på Åmsosen, tannlegen i Etne som er i maratonform, og havbrukssatsinga i Etne, Fjæra, Skånevik og Trovåg. Portrettet er denne gongen av Nina Kaltwasser, og lærebedrifta som er i fokus er Diamanten i Etne. Vidare kan ein lese om utviklingsklynga som sit på Medvind Næringshage i Ølensvåg, og få med seg kommentaren frå Merete Vårvik Matre som er dagleg leiar i næringshagen. Det er med andre ord mykje å sjå fram til. God lesning!

Les heile magasinet på nett.

Fikse Næringsutvikling står i bresjen for utgjevinga av næringsmagasinet for Etne og Vindafjord, Tempo. Me i Omega Design står for det redaksjonelle i tett samarbeid med Fikse, samt utforming og desking av magasinet. 

Sjå alle utgåver av Tempo på etnevindafjord.no/tempo-utgaver.