Musikkglad kommunikasjonsmedarbeidar

Amalie Crowo (29) har vore innom dei fleste område innan media- og kommunikasjon. No har ho landa på tekstproduksjon og sosiale media, og det har ho gjort som kommunikasjonsmedarbeidar hos Omega 365 Design.

28. desember 2022

Amalie har flytta frå Frekhaug, ei bygd litt utanfor Bergen, til Sandeid for å starte karrieren sin. No har ho vore tilsett i Omega 365 Design i straks to månadar, noko ho sjølv forklarar som uverkeleg.

– Det følest ut som eg starta her for to veker sidan! Men det er jammen meg to månadar neste veke.

Korleis ho enda opp her seier ho er ein kombinasjon av tilfeldigheiter og samtidig eit ynskje om å jobbe med det ho alltid har sett føre seg å jobbe med, nemleg media og kommunikasjon.

– Eg har alltid visst eg ville jobbe med media og kommunikasjon, men kva har eg lenge vore usikker på. Dette har ført til at eg har vore innom og fått kunnskap innan dei fleste område innan dette fagområdet. Både tv-produksjon, design, tekstproduksjon og sosiale media er område eg har vore innom. Eg ser på meg sjølv som veldig allsidig, med litt kunnskap på mange område, fortel Amalie smilande.

Tre givande år i England

Studieløpet til Amalie starta i England i byen Winchester. Her tok ho ein bachelor i media og marknadsføring.

– Åra mine i England ser eg på som enormt givande. Her lærte eg mykje, både om kulturen i eit nytt land, men og om meg sjølv. Eg vaks mykje på desse åra. I tillegg fekk eg vener frå mange forskjellige land, noko som og var givande.

I tillegg til gleda for media- og kommunikasjonsverda, har Amalie ei stor interesse for musikk.

– Musikk er noko eg er veldig glad i og høyrer mykje på. I løpet av åra mine i England reiste eg og ei venninne rundt i mange byar og høyrte på konsertar. Konserten som toppa det heile var då me var på Adele i O2 Arena i London, ingenting har toppa det, fortel Amalie engasjert.

Då ho blir spurd om ho sjølv spelar nokon instrument, ristar ho på hovudet.

– Eg kunne veldig gjerne tenkt meg å kunna piano, men så langt har eg ikkje kome, ler Amalie.