Løftar butikkane på Sand

Sandsgruppa har jobba strategisk med å løfte fram butikkane på Sand og kva tilbod dei har. I dette spanande samarbeidet har me bidratt med nye nettsider, kurs og foto.

21. april 2023

Sandsgruppa, som er ei undergruppe av Suldal Næringsforening, har ynskt å vise fram  butikkane på Sand på ein endå tydelegare måte enn ein gjer i dag. Målet er at fleire fastbuande, hyttegjester og turistar skal oppdage kva butikkar ein har i kommunesenteret, og ikkje minst breidda av produkt og tenester som finst der. Truleg er det langt meir enn dei fleste veit frå før.

Prosjektleiar i Suldal Vekst, Marit Larsen, fortel at næringsdrivande som driv handel eller næringsverksemd i kommunesenteret Sand i Suldal kommune hadde behov for å styrke kompetanse innafor ulike område gjennom koronapandemien. Det handla om kompetanse både innan butikkutvikling, vertskap, sal og digital kompetanse. Difor søkte Sandsgruppa om bedriftsinterne opplæringsmidlar frå Rogaland fylkeskommune.

– Der fekk dei tilskot for å kunne gjennomføre kompetanseaktivitetar, slik at bedriftene kan bli meir omstillings- og tilpassingsdyktige med tanke på varige endringar. Opplæringsaktivitetane skal bidra til at bedriftene får på plass nødvendig kompetanse, knytt til omstillingsbehovet for medlemmene i detaljhandelen, seier ho.

Ny nettside

Denne våren har me fått fylgje butikkane og prosjektleiar Marit Larsen tett fram mot lansering av nye nettsider. Nettsidene skal fungere som eit utstillingsvindauga, der ein presenterer både butikkane og enkeltprodukt og tenester hjå kvar enkelt bedrift. Her er både blomebutikken, matbutikkar, apotek og treningssenter med for å nemne nokre. Det betyr at nettsida er blitt ei skattekiste av produkt som klede, interiør, sommardekk og kafetips.

I tett samarbeid med handelsstanden laga me eit riss på kva butikkane treng på sida, korleis kan dei nå ut til fleire kundar, og ikkje minst gjere kjøpsreisa kortare. Her finn kunden ut kva butikkar ein kan besøkje på Sand, kva ein kan kjøpe eller bestille, og ikkje minst får ein kontaktinformasjon og direkte lenker til nettsider og sosiale medium. Dermed blir det kortare veg frå behov til handel.

Kursa dei tilsette

Denne våren har også butikkane deltatt på ein kursserie – der me har fokusert på tekstskriving, korleis ta gode bilete til bruk på nettside og sosiale medium, samt korleis ein brukar digital marknadsføring på ein god og effektiv måte. Det er godt å treffe andre som møter dei same utfordringane når dei skal marknadsføre produkta sine, dermed kan ein og hjelpe kvarandre med tips og triks. Å drive butikk i små samfunn kan fort vere einsamt, difor får ein ekstra gevinst av å treffe trivelege kollegar, og lære noko saman.

Me har også vore ute hjå kvar enkelt av butikkane for å ta profilbilete til den nye nettsida, og som bedrifta elles og kan bruke i sosiale medium eller andre marknadsføringstiltak. Det har heile tida vore eit mål at nettsida skal ha ein tydeleg og sterk signatur, og eit felles uttrykk i bileta løftar produkta og gjer den til eit naturleg stopp-punkt.

Me håpar dette er eit godt steg vidare for å vise fram dei flotte butikkane og produkta som finst på Sand. Me er stolte over å vere ein del av eit pulserande lokalsamfunn, der butikkane veit at god service og synleg innhald er viktig for å kapre kundar!

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59