Mediegrafikar med lidenskap for film og foto

08. desember 2023

– Eg pleidde å lage filmar med kameratane mine då eg var mindre. Me filma når me leika eller laga stop motion-animasjonar av Lego. 

Interessa for faget starta med andre ord i ung alder. Sidan byrja han på medieproduksjonslinja ved Hamar katedralskole. Der fekk han erfaring med ei rekkje område, inkludert webdesign, annonse-design, typografi, 3D-modellering og animasjon. Likevel var det film og foto som blei hans største interesse. 

Varierte arbeidsoppgåver 

Under læretida har Marcus blitt utfordra med varierte oppgåver og fått moglegheita til å utforske ulike fagområde, både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer. Han deler engasjert erfaringar frå nokre av prosjekta han har jobba med, inkludert spennande film- og fotooppdrag, som har bidrege til hans faglege utvikling. 

– Då eg starta, fokuserte eg mest på InDesign og grafiske oppgåver. Etter kvart fekk eg sjansen til å vere med i filmteamet, mellom anna på ein filmserie me laga for Medvind24. 

Rotfesta i Ølen 

Sjølv om det kan sjå tilfeldig ut å flytte heilt frå Elverum til Ølen for ein læreplass, hadde Marcus allereie ein tilknyting til staden gjennom besteforeldra.  No har han budd for seg sjølv i Imsland i tre månader, noko han trivst med. 

– Det har vore spennande med eit miljøskifte med flyttinga til Vindafjord, sjølv om det ikkje er heilt ukjent sidan eg har vore på besøk her ei rekkje gonger før. 

På fritida likar han å spele dataspel, og for tida er det spelet Counter-Strike det går i. I tillegg tar han med seg interessa for medieproduksjon heim frå jobben. 

– Eg likar å halde på med prosjekt og slikt på fritida.  

Han fordjupar seg gjerne i interessene gjennom YouTube-videoar. Dessutan har han ein lidenskap for filosofi, noko han utforskar gjennom podkastar, YouTube og bøker. 

Med ei vel overstått fagprøve har han all grunn til å vere nøgd, og på spørsmål om kva som er vegen vidare, svarar han: 

– Eg har ingen plan ennå, men eg gler meg til å utforske film og foto vidare i jobben hjå Omega 365 Design.