– Eg er glad i å kaste meg ut i nye ting

I haust gjekk Ingrid Frantzen frå å vere student i Bergen, til å bli designar og prosjektleiar i Omega 365 Design, busett i naturskjønne Sauda. Midt i den vakre naturen trivs ho godt, med skiglede om vinteren og fjellturar om sommaren.

25. januar 2024

– Eg hadde følgt Omega 365 Design sin Instagram-konto og kikka ein del på nettsida deira ei stund, og blei motivert av at det såg ut som en kjekk og samansveisa gjeng. Det blei og lagt ut mange spennande oppdrag. Eg tok då sjansen på å ringe til tross for at det ikkje låg nokon stillingsannonsar ute.  

Ho søkte i utgangspunktet etter jobb i Bergen, men då verken sambuaren eller Omega 365 Design var der, snudde ho snuten sørover og er nå i ein variert og spennande jobb.  

Glad i nye utfordringar

Med ein bachelor i sosiologi frå NTNU i Trondheim, eit årsstudium i filmvitskap og ein 2-årig fagskuleutdanning i grafisk design ved Noroff, har Ingrid ein mangfaldig utdanningsbakgrunn. Ho har og erfaring med deltidsjobbar, blant anna transkribering av forskingsintervju for NORCE. 

– Eg har ein litt variert utdanningsbakgrunn og nå ein variert arbeidskvardag. Dette passar meg ypparleg då eg er glad i å kaste meg ut i nye ting. Valet om å gå inn i grafisk design kom etter ei lengre vurdering av å ta master i sosiologi. Eg har alltid likt å vere kreativ. Då eg var liten og blei spurd standardspørsmålet om kva eg ville bli då eg blei stor, svarte eg alltid kunstnar. Eg ynskte difor å utforske denne sida ved meg sjølv før eg gjekk vidare med studiane, og valde difor grafisk design med plan om å vende tilbake til sosiologien etterpå; slik blei det ikkje, og det har eg ikkje angra på heller, seier Ingrid. 

I jobben sin hos Omega 365 Design, får Ingrid prøve seg på ulike oppgåver. 

– Ettersom eg har ein variert utdanningsbakgrunn, har eg fått utfolda meg innan ei rekkje område som grafisk design, innhaldsproduksjon og litt fotoarbeid. Med det sagt er det grafisk design som er lidenskapen og hovudarbeidsoppgåva mi, fortel Ingrid. 

For henne er noko av det beste med jobben kollegaene, som har tatt ho godt imot. Ho har lang pendleveg, frå Sauda til Ølensvåg, men syns det gode sosiale miljøet og å oppretthalde kontakta er motiverande. Frå februar kjem ho til å bli del av det nye kontormiljøet sentralt i Sauda, saman med kollegaer i Omega 365 Solutions og det nyoppkjøpte Omega 365 Protek, tidlegare PDS Protek og PDS Varicon. 

– Dette saman med tilliten eg får til å prøve meg på nye ting, bidrar til å auka kompetansen min. 

Aktiv fritid  

På fritida er Ingrid aktiv med ei rekkje fritidsinteresser.  

– På fritida likar eg å symje, og prøver å symje i Saudahallen to gonger i veka. Eg er og glad i å gå på ski- og fjellturar og å generelt vere ute i naturen. Elles driv eg ein del med handarbeid som strikking og teikning, fortel Ingrid. 

Nyleg har ho og sikra seg ein plass på kulturskulen i Sauda, kor ho vil lære å spele gitar. Med ei stor interesse for både natur og kreative aktivitetar, har Ingrid har funne ein god balanse mellom jobb og fritid i sin nye heim.