Blestar magasin via sosiale medium

I Omega Design brukar me Facebook til å marknadsføre magasinet vårt Mitt Ryfylke

23. februar 2016

Det regionale magsinet Mitt Ryfylke når nye lesarar via Facebook, det siste som vart lagt ut når heile 7000 lesarar i det sosiale mediumet. Me i Omega Design ser verdien av å bruke sosiale medium til å fronte gode produkt, bedrifter eller altså eit regionalt magasin som skal vere med på å styrke omdømmet til Ryfylke. Magasinet som blir distribuert i dei seks ryfylkekommunane har per i dag.

På Facebook kan ein bleste magasinet, dele gode bilete og stemningsrapportar frå reportasjeturar eller røkte etter hjå publikum om dei har gode tips til redaksjonen. Sosiale medium kortar ned avstanden mellom oss som produserer magasinet og lesaren.

Asbjørn Birkeland drøymde aldri om å bli ordførar, det var før Senterpartiet gjorde eit brakval i industribyen Sauda. No kan du lese om han i Mitt Ryfylke som Filter produserer.

Omega Design har totalansvaret for produksjon av magasinet Mitt Ryfylke - alt frå redaksjonelt ansvar, journalistisk arbeid, desking og dialog med trykkeri. Me har godt samarbeid med dyktige fotografar og frilansarar som styrkar kvaliteten på produktet.

Å bygge godt innhald i eigne kanalar, om det er nettsider, sosiale medium eller trykte magasin/flyers er god marknadsføring. Fleire og fleire flyttar marknadsmidlar frå kjøpte kanalar til eigne kanalar, og når gode resultat. Vår satsing med Mitt Ryfylke på Facebook er eit godt døme på det.‍

Les heile magasinet her.

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59