Frå psykologi til sosiale media

Då Eirik Odin Salmo Pedersen (22) skulle starte å studere, var det psykologi-vegen han eigentleg hadde peila seg inn på. Nå er han tilsett i eit vikariat som digital marknadsførar i Omega 365 Design, og ser seg ikkje tilbake på byttet av veivalet.

10. januar 2024

Eirik kjem frå Etne og har i haust vendt snuten heimatt etter tre år som student i Bergen. Då han våren 2020 skulle søkje seg inn på høgare utdanning, hadde han plassert bachelor i psykologi på første plass. Han kom ikkje inn på førstevalet, og enda då opp med å studere marknadsføring og merkevareleiing ved Høgskulen Kristiania.  

– Det er sjølvsagt kjipt å ikkje kome inn på det ein har ynskt seg mest, men eg innsåg fort etter å ha starta på ein bachelor i marknadsføring og merkevareleiing at dette var meir for meg enn psykologi. Det verkar utruleg interessant å jobbe med psykologi, det å hjelpe folk på den måten, men også veldig tøft. Eg får på ein måte hjelpe folk i jobben eg har nå og, på ein litt anna måte, fortel Eirik. 

Lidenskap for sosiale media

Eirik jobbar mykje med sosiale media i Omega 365 Design, dette er han nøgd med. 

– Ja, eg jobbar mykje med sosiale media her. Det går mykje i marknadsføring og sal der eg til dømes driv med innhaldsproduksjon til Facebook, Instagram og andre kanalar. I tillegg til mykje god kunnskap og erfaring frå bacheloren min, har eg jobba fem år på Montér Etne der eg fekk god erfaring innan sal og service. Dette kjem godt med i jobben min her.  

På studiet lærde Eirik mykje om marknadsstrategiar der sosiale media ofte stod i fokus eller blei det naturlege valet å skrive om.  

– Sosiale media er blitt eit enormt viktig reiskap for dagens marknadsføring og sal. Det er ofte her det er best og enklast å treffe målgruppa, forklarar Eirik. 

Interessa for sosiale media og marknadsføring veit han ikkje heilt kor oppstod, men han veit den er der.  

– Eg er litt usikker på kor denne interessa for sosiale media og marknadsføring kom frå, men eg har alltid brukt mange ulike sosiale media sjølv frå eg var heilt ung av. Dette, saman med eit stort fokus på det i studietida, har gjort at det har blitt eit viktig og interessant fagfelt for meg. 

Stor verdi i vener

Når Eirik ikkje har nasen i dei nyaste trendane på TikTok, oppdateringane til Meta eller siste nytt om ChatGPT, er han glad i å vere med vener.  

– Ja, eg er eit sosialt vesen av meg. Det er ikkje slik at eg har ein eller to spesifikke fritidsinteresser. Eg går ikkje veldig mykje fjelltur, ser veldig mykje på film eller spelar veldig mykje dataspel, men eg gjer heller litt av alt saman med vener. Det å vere sosial er det som er det viktigaste for meg. Me møtes gjerne for å gå på kino, spele spel eller rett og slett berre henge hos nokon og prate.