Mockup av logoen

Fjellam frå Ryfylke

Under merkevara Fjellam samlar kvalitetsbevisste bønder seg for å fremje tradisjonsrik matproduksjon.

Sauebønder i Ryfylke samlar seg no rundt merkevara Fjellam frå Ryfylke. Dette er eit kvalitetsprodukt som det blir sett strenge krav til - her skal lamma beite på heiabeite, noko som gir spreke og sunne dyr.

Me har fylgt heile prosessen og fått lov til å vere med å utvikle profil, tekstelement og konsept rundt merkevara. Profilen skal bygge opp under dette kortreiste og sunne produktet - og gi forbrukaren god informasjon om kva han kjøper.

Sjekk ut Fjellam frå Ryfylke på Facebook og nett!

No ynskjer me sauebøndene lukke til - i første omgang rettar dei innsalet inn mot hotell og større butikkar. Men om ikkje alt for lenge kan det godt hende du finn eit Fjellam-produkt i nærleiken av deg.

Judith Sørhus Litlehamar
6/10/2017
Judith Sørhus Litlehamar