– Eg vil gjerne fortelje historier

Allereie som 15-åring hadde Hanna Maria van Zijp fotoutstilling heime på Sand i Ryfylke. No er journalisten, fotografen og byplanleggaren tilbake i heimkommunen for å fortelje nye historier som kommunikasjonsrådgjevar i Omega 365 Design.

08. februar 2023

I tillegg til titlane som blir nemnde her kan me og føye til ferje-influensar og motevitar på lista. 37-åringen kan sjå tilbake på ein imponerande og variert karriere så langt. Ho har jobba på desken i Dagens Næringsliv og Klassekampen, vore kulturjournalist i Dag og Tid, motespaltist i Osloby og byplanleggar i Rogaland fylkeskommune for å nemne noko. No sist kom ho frå jobben som direktør for samfunnskontakt i Zeabuz, som utviklar elektriske ferjer.

– Kvifor flytte heim igjen no?

– Det var liksom rett tid for å prøve det no, det betyr jo sjølvsagt noko at eg kjem tettare på venner og familie her og. Og eg brenn jo for regionen her, eg har lyst til å bidra til at næringslivet veks og blømer. Me har ein mangfaldig skog av ulike bedrifter, på den eine sida er det viktig å skape arbeidsplassar som igjen tiltrekk seg folk, og så er det viktig med stadutvikling, å få lov til å vere med på å bygge sterke sentrumsområde.

– I tillegg drøymer eg om å bli nutfant i år, så langt kan eg skrøyte på meg ein heil skitur, seier ho og ristar leande på hovudet.

– Eg satsar på å bruke heia meir framover, for å seie det slik.

Uredd fotograf

Hanna Maria er oppteken av formidling, strategisk tenking og klår tekst. Som kommunikasjonsrådgjevar vil ho gjerne fortelje historiene som rekrutterer fleire innbyggarar i distriktskommunane, fleire tilsette i bedriftene og som skaper vekst i næringslivet. Og det heile starta altså med fotokameraet som 12-åring.

– Eg drøymde om å bli fotograf, og starta med å ta bilete av det meste her lokalt. Av bygningar, venner, av bror min. Og dette enda altså ut i ei fotoutstilling på kafeen Fargeriet i gata på Sand. Eg hugsar eg var på Spareland i Sauda og kjøpte rammer, fortel Hanna Maria og smiler godt.

– Du er uredd?

– Eg var i alle fall det då eg var 15, då er ein jo ikkje redd for noko. Eg fekk selt nokre bilete og, og nokre av dei har eg framleis.

Interessa for stadattraktivitet, byrom og arkitektur starta og tidleg. Mange timar på bilferie gjennom Europa gav nok inspirasjon og mange inntrykk.

– Me reiste mykje med bil nedover Europa. Sjølvsagt ein del til Holland der mor mi stammar frå, men og andre land og byar. Når du er så ung og frå ein liten stad så gjer det sterkt inntrykk å kome ned til store verdsbyar.

Opptatt av byrommet

Etter kvart vart det studiar i kultur og samfunn, motevitskap, byplanlegging og til slutt masteroppgåve om berekraftig maritim mobilitet i byplanlegging.

– Estetikken pregar oss, og er med å gjere oss til ein sivilisasjon. Men det må fungere, folk er opptekne av om sitjeplassane i byrommet er mobile til dømes, det hjelper ikkje alltid med flotte benker viss ikkje folk brukar dei. Byrommet kan faktisk vere fantastisk flott med plastikkstolar, berre folk brukar det.

Hanna Maria er glad i bylivet og byrommet, ho nyt å kunne gli inn i mengda der ingen bryr seg om kva du gjer eller kven du er. Men no er altså tida komen for å ta del i eit mindre samfunn igjen, og Hanna Maria har ikkje takka nei til oppgåvene og spørsmåla som er komne etter at ho flytta heim. Tvert imot.

– Folk bryr seg her, og dei plasserer deg raskt som dotter til, og søster til. Viss du vil, er det fort gjort å få fleire roller og ta aktivt del i samfunnet. Eg likar det, seier ho som allereie har meldt seg inn i Bygdekvinnelaget, har starta julegåveaksjon for dei som har minst i kommunen og som gledeleg fylgjer tantebarna på klatretrening.

Stein på stein

Hanna Maria har aldri vore redd for ei utfordring eller to. Ho takkar og Suldalsposten for at ho tidleg fekk hive seg ut i utfordringar og fekk teste ut om yrket var noko for henne.

– Der lærer du raskt kva som fungerer, eg er glad eg har fått gå i lokalavis-skulen. Og folk er nedpå her, det ser du og i bedriftene.

– Her er det ingen som brøyter seg fram, gründerane her byggjer stein på stein, og har slett ingen behov for å skryte av seg sjølv. Det får andre ta seg av.

– Har du eit tips eller to til bedrifter som skal marknadsføre seg?

– Eg har jo tru på makta i bilete, me lever i ein visuell kultur der gode bilete og film er det som fangar merksemda til folk. Når du først har fanga merksemda, må du og ha ein gjennomtenkt «tone of voice», altså bestemme kva type språk du skal bruke. Så må du sikre deg at innhaldet er godt søkemotoroptimalisert, slik at folk faktisk finn deg digitalt.

– Og ein må hugse på at folk er interessert i folk, dei vil gjerne sjå inn i kvardagslivet i bedrifta.

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59