Designaren Fredrik trivst på bygda

Det fins mange vegar frå Leikanger til Vikedal, Fredrik Vikdal (25) har tatt turen via Kristiansand og Stavanger før han, saman med familien, flytta til Vikedal i sommar. Han ser fram til å arbeide med design på bygda omringa av fjell og fjordar.

21. september 2022

Å bli designar var ikkje alltid i planane til Fredrik, men etter ei tid busett i Kristiansand lengta han og kona etter å bu nærmare familien i Vikedal. Turen gjekk då til Stavanger, og her fann Fredrik ut at ei utdanning innan grafisk design kunne passa godt.

– Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere, men eg visste det måtte være noko kreativt, då vart det utdanning som grafisk designar som var svaret, fortel Fredrik når han snakkar om tida i Stavanger.

Utdanninga som grafisk designar blei tatt på Noroff i Stavanger. Han likte godt tida på studiet og syns det var kjekt å arbeide kreativt med mykje ulikt design. Etter litt jobbsøking som grafisk designar bestemte Fredrik seg for å gå tilbake til studia og har nå kompetanse frå eit årsstudium innan digital marknadsføring i tillegg til utdanninga som grafisk designar.

Det gjekk likevel ikkje lang tid før familien, som no har blitt tre stykk, nok ein gong lengta etter å bu endå nærmare familien og bygda. I sommar flytta dei alle til Vikedal.

– Me hadde snakka om å flytte heilt heim ei stund, for å være endå nærmare familien og bygda, bylivet var ikkje heilt det same og me trivst med fin natur rundt oss, seier Fredrik og legger til at han er kjempeglad for å kunne arbeide med design på bygda.

Tidlegare har han arbeida som operatør på støyperi og seljar, men ser fram til å kunne arbeide med design.

– Eg likar godt å arbeide med logoar og små illustrasjonar, det skal bli kjekt å kunne gjere det meir, seier Fredrik når han blir spurt om det er noko han ser fram til å arbeide med. Det er og kjekt å kunne arbeide ein plass omringa av fjell, fjordar og fin natur slik eg er vane med frå Leikanger, legg han til.

I tillegg til ei interesse for design og illustrasjonar, er Fredrik glad i musikk. Han har gått eit år på Manger Folkehøgskule med band som retning, og i dag speler han framleis trommer.

– Eg byrja å øve på Guitar Hero-spelet og overførte det til eit faktisk trommesett, seier Fredrik og smiler når han snakkar om korleis han lærte seg hobbyen.

Interessa starta på ungdomsskulen og har følgd Fredrik sidan då. Han har tidlegare spelt trommer i 3 rock/metal band og håpar å finne eit nytt band å spele med nå som han har flytta.

Annika Ørnes Mæhle
Annika Ørnes Mæhle
annika@omega365.com (+47) 95 30 66 64