Bondeheimen har pussa opp nettsida si

Kulturhotellet Bondeheimen har pussa opp både hotell og nettside.

01. februar 2021

Med Det Norske Teatret som næraste nabo ligg Hotell Bondeheimen fantastisk sentralt plassert i hovudstaden, og gjer hotellet attraktivt for både turistar og jobb-reisande. Hotellet har vore ein kulturbastion i hovudstaden i over hundre år, og gitt eit frisk pust av nynorsk til Oslo. Då hotellet vart pussa opp, syntes dei det var passande å samtidig ta ei oppussing av dei digitale flatene.

Nettsida skulle gi ei kjensle av atmosfæren på hotellet, og tydeleg vise det unike ved Bondeheimen og historia deira. Derfor er det nytta store, stemningsfulle bilete som gir eit tydeleg inntrykk av kva som ventar ein på hotellet. Fargane på nettsida er trekte ut frå interiøret etter oppussinga.

– Det var viktig å bruke behagelege og rolege fargar som gav kjensla av tryggleiken og varmen hotellet har, allereie når ein besøker nettsida, utdjupar Irene Landa som har designa nettsida.

Det er viktig for hotellet å vise fram kultur, litteratur og kva som rører seg i hovudstaden, og derfor har det blitt laga ei Om Oslo-side, kor ein får ei tydeleg oversikt av attraksjonar, arrangement og stader, sortert etter årstid. Ein kan enkelt sjå aktuelle tilbod hotellet har, og lese den interessante historia deira. Me har også fått på plass ei integrert booking-løysing, kor kundane kan bestille opphald utan å forlate nettsida til Bondeheimen. Heile nettsida er tilgjengeleg på både nynorsk og engelsk.

– Me har arbeidd tett med Bondeheimen i mange år, som tidlegare leverandør av innhald til ulike sosiale medium. Dermed kjenner me bedrifta godt og har eit nyttig samarbeid med dei, som ein også ser resultatet av i dei nye nettsidene, seier Judith Sørhus Litlehamar som har vore prosjektleiar og innhaldsprodusent for Bondeheimen.

Tidlegare har me laga nettside for Kaffistova, som er Bondeheimen sin restaurant, men som også har sjølvstendig drift i tillegg. Det var viktig at den nye nettsida til hotellet samsvarte med Kaffistova si nettside, samtidig som dei begge har sin eigen profil.

Marie Jastrey Albertsen
Marie Jastrey Albertsen
marieja@omega365.com (+47) 45 41 36 38