Aukar berekraft-kompetansen

– Både kommunikasjon, tekst og design er viktig for å få vist fram berekraftige resultat i bedriftene, seier dagleg leiar i Omega 365 Design, Astrid Eidhammer Hjelmeland. No har ho og kollegaane kursa seg for å bli betre rådgjevarar i berekraft.

06. mars 2024

Nyleg deltok Astrid og kollegaane Amalie Crowo, Linn-Henny Andersen, Marie Jastrey Albertsen og Maria Djuve Vågen på Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt desentraliserte studie i berekraft i praksis. Her har dei fått ulike verktøy som kan brukast når ein skal kommunisere ut berekraftige mål og ressursar i eiga bedrift, og ikkje minst ute hjå kundane. I tillegg har dei fått brei kunnskap om kva bedriftene må ha på plass for å nå berekraftsmåla framover.

– Me ynskjer mest av alt å finne gode løysingar som skaper berekraftig vekst og utvikling, meiner Hjelmeland. 

– Det er godt å ha ein sparringpartnar som kan gi råd både om produksjon, tiltak og strategiarbeid i bedriftene. Her er det og viktig å stille gode spørsmål, kjem det inn ei bestilling på plastikk-koppar med logo, er det og viktig å setje søkjelys på kva som skjer med dei etterpå. Kan ein gjenbruka dei? Og treng ein årstal på alle produkt ein bestiller? 

– Kva råd har de til bedriftene? 

– Still spørsmålet: kva er me gode på, og kva har me lyst til å bli betre på i år? Kva er det realistisk at me får gjennomført i år? Me kan gjerne vere med å rydde her for å finne ut kva som er mogleg å få til, ein klarer ikkje alt uansett. Spesielt for små og mellomstore bedrifter kan slike endringsprosessar vere utfordrande, når ein ikkje har stor administrasjon.

Meir enn miljø

Amalie Crowo jobbar med innhaldsproduksjon i Omega 365 Design, og veit kor viktig gode tekstar og tydeleg kommunikasjon er for å vise fram kva kundane jobbar med. 

– Eg er glad for å få meir kunnskap om kva som må til for å dokumentere utvikling og vekst i berekraft. Som case i den avsluttande oppgåva vår kunne me og bruke Omega 365, som jo både er eigaren vår og ein av våre store kundar. Det var nyttig å bruke teorien me lærte i oppgåva for å kartlegge korleis me kan jobbe vidare med berekraft og i Omega 365, fortel ho engasjert. 

Saman med kollegaane har ho blitt overraska over kor breitt berekraftomgrepet er, og kor mykje som må på plass totalt i selskapet for å setje søkjelyset på ein sunn vekst. 

– Me har jo så lett for å tenkje at berekraft er det same som miljø og klima, og i vår bransje tenkjer ein raskt på trykkeria me brukar, og kor viktig det er å minske utslepp, bruke miljøvennleg papir og ikkje trykke opp unødvendige produkt, seier kommunikasjonsrådgjevar Maria Djuve Vågen og legg til: 
– No har me lært at dette handlar om så mykje meir, både at økonomisk berekraft og det sosiale samspelet på jobb er viktig for å oppnå den rette utviklinga. Og ikkje minst samarbeidet mellom bedrifter og aktørar i næringslivet. 

Estetisk og nyttig 

Linn Henny Andersen er designar i Omega 365 Design og jobbar spesielt mykje med UX-design, altså design som løfter opp dei gode brukaropplevingane. Design skal altså ikkje berre vere estetisk, men også vere eit nyttig verktøy i seg sjølv.  

– Mange lurer nok på kor ein skal starte i berekraftsarbeidet, og kva som er viktig å få fram på nettsidene sine eller i andre kanalar. Desto meir du lærer, desto meir forstår du kor omfattande dette er. Det er jo eit håp som ligg i botnen om å klare å endre noko, og om å skape resultat, seier ho. 
– Dette brenn me for, me er opptatt av å nå berekraftsmåla og ikkje minst vere den sparringpartnaren som trengs for at kundane våre klarer å fortelje omverda om resultata. Eg hadde jo allereie etterspurt om det var kurs eg kunne gå på, og så dukka dette studiet opp. Det var veldig bra, slår ho fast. 

Mangfald og innovasjon

Kurset vart gjennomført som eit samarbeid mellom HVL og Medvind24 Næringshage, og gir 2,5 studiepoeng. Kurset vart også avslutta med ei oppgåve der teamet frå Omega 365 Design fekk skrive om utfordringar i eige selskap. 

– På mange måtar handlar jo dette om sjølve ryggmargen i Omega 365-systemet. Her er ein god på mangfald og inkluderande arbeidsliv, det er viktig å legge til rette for dei som er på utsida i samfunnet og som kan få ein arbeidsplass. I berekraftperspektivet er det jo og viktig å ta samfunnsansvar og bidra lokalt, seier Hjelmeland, og viser til at den nyleg gjennomførte ISO-sertifiseringa i Omega 365 Design også viser kor viktig dokumentasjon av tiltak og resultat er for å nå måla ein set seg. 

– Dette handlar jo og om å skape innovasjon, og kunne møte dei krava som offentlege aktørar stiller i sine anbodsrundar. Her må ein kanskje tenkje nytt, også med tanke på korleis ein kommuniserer. Må me lagre all den informasjonen som me gjer, eller kan me slette noko? Me jobbar jo blant anna med filmproduksjon, der det ofte er store filer, kan noko av dette grunnmaterialet bli sletta utan at det gjer noko for produktet vidare? Slike spørsmål må ein stille seg heile tida. 

FN sine 17 berekraftsmål er dei overordna måla alle selskap må jobbe mot, og eit naturleg søkjelys for dette kurset. 

– Må vere ekte

Designar Marie Jastrey Albertsen syns HVL-kurset var veldig spanande, og gler seg over å ha fått meir handfaste verktøy til berekraftig arbeid. 

– Me fekk presentert ein del verktøy, blant anna ei grøn vekst-trapp der ein kan analysere eiga verksemd og sjå kva som blir eit naturleg neste steg. Eg trur det er veldig viktig at me tar desse verktøya i bruk, og ikkje legg dei i ei skuff. Viss ein ikkje jobbar med desse problemstillingane jamt, så forsvinn fort fokuset på dei og. Mitt beste råd er å setje av fast tid i kalenderen til å jobbe med desse utfordringane, det krev både tid og ressursar, seier Albertsen.

Ho viser og til at det er stor breidde i tema som kom fram i kurset. 

– Det er viktig å reflektere over omgrepet berekraft, og sjå på kva ein kan få til i eiga bedrift. Er du maskinentreprenør så har du garantert høge utslepp, men sett i lys av bransjen du jobbar i er dei kanskje berekraftige. Det handlar om å snakke høgt om eigne resultat, utan at ein tyr til løgner og grønvasking. Dette må vere ekte kommunikasjon, det nyttar ikkje å berre ha grøne nettsider, meiner ho. 

Judith Sørhus Litlehamar
Judith Sørhus Litlehamar
judith@omega365.com (+47) 97 67 44 59