
Eit år med gode historier
Magasinproduksjonen i Omega Design nådde nye høgder i 2016, då me gav ut tilsaman elleve magasin.
Fleire går med draumen om magasin der ein får vist fram bedrifta, regionen eller tilboda ein har, og får fortelje historiene sine. Vegen frå ide til magasin er ikkje nødvendigvis lang, og me stiller gjerne opp for å hjelpe med å realisere draumen.
Gjennom spennande reportasjeturar, intervju, foto, og design har magasina sprunge fram med rot i dei gode historiene – både frå bedrifter og samfunn. Saman med gode samarbeidspartnarar eller på oppdrag frå kunde har me fått vere med å forevige nokre lysglimt frå 2016.
Sidan 2015 utvida me magasinproduksjonen vår og auka talet på magasin. I 2015 gav me ut åtte magasin totalt, der fire av dei var det faste magasinet Mitt Ryfylke. I 2016 tok me eit steg vidare med trykte medium. Me tok då ansvar for annonsesalet i dei tilfella der ein ynskjer annonsefinansiering av magasina, i tillegg til heile produksjonen. Den auka etterspørselen førte til at me produserte elleve magasin gjennom 2016.
Her får du ei oppsummering av magasina me har gitt ut i løpet av 2016, i tillegg kan du klikke deg inn og lese dei på nett. God lesning!
Mitt Ryfylke nr 1 2016
I dette nummeret av det regionale magasinet, Mitt Ryfylke, kan du blant anna lese portrett på ordførar i Sauda Asbjørn Birkeland, om frivillige krefter i Forsand og byggesatsinga hjå Ryfylkemuseet.
Tempo nr 1 2016
Tempo er næringsmagasinet for Etne og Vindafjord, gitt ut av Fikse Næringsutvikling. I det første nummeret frå 2016 kan du mellom anna lesa om lærebedrifta Ølen Betong, kunstsamarbeidet mellom
Røldalsmagasinet
Magasinet er gitt ut på vegne av Røldalsmarknaden og gir deg eit godt innblikk, både i programmet under marknaden, men og i det indre liv i Røldal.
Westcontact
Saman med Westcon har me laga magasinet som fortel dei gode historiene frå Westcon Gruppen. Her kan du lese om verdsleidane batteriløysingar, om Forsvaret som dokkar inn hjå Westcon, og om styrkeprøven Safe Scandinavia.
Etnemarknadsmagasinet
Me var så heldige at me fekk lov å lage marknadsmagasinet for Etnemarknaden dette året og. Saman med leiinga for marknaden har me jobba fram eit magasin fullpakka med gode historier, informasjon om marknaden, program- og utstillaroversikt.
Suldal Elverk Jubileumsmagasin
Suldal Elverk feirte hundre år med krafthistorie i 2016. Gleda var stor i 1916, då ein kunne koble straumen til på Sand og det lyste i den første lyspæra. Dette ynskte elverket å markere ved å skape eit eige jubileumsmagasin.
Suldal Vekst
Suldal Vekst ynskte å lage eit magasin som viser fram kven dei er og kva dei jobbar med. Me fekk lov til å vere med på å utvikle produktet frå skissenivå, lage reportasjar saman med fotograf Mikkel Meister og designe produktet.
Mitt Ryfylke nr 2 2016
I andre utgåve av Mitt Ryfylke i 2016 kan du lese om kveitekongen Magnus Skretting og vikingane i Økstrafjorden, Turid Kathrin Trevland og Toralf Pedersen.
Du kan også vere med isbilen på øyhopping i Finnøy, lese om kunstnarheimen Tinghaug med den populære, eller bli betre kjend med den nye sentrumsutviklaren på Jørpeland, Kolbjørn Pedersen.
Tempo nr 2 2016
I denne utgåva av Tempo kan du lese om utvikling i bedriftsklynga hjå Hatteland på Åmsosen, tannlegen i Etne som er i maratonform, og havbrukssatsinga i Etne, Fjæra, Skånevik og Trovåg. Portrettet er denne gongen av Nina Kaltwasser, og lærebedrifta som er i fokus er Diamanten i Etne. Vidare kan ein lese om utviklingsklynga som sit på Medvind Næringshage i Ølensvåg, og få med seg kommentaren frå Merete Vårvik Matre som er dagleg leiar i næringshagen. Det er med andre ord mykje å sjå fram til.
Mitt Ryfylke nr 3 2016
I siste nummer av Mitt Ryfylke, kan du lese om kunstnar i Sauda og rådmann i Hjelmeland Dag Flacké som no er på veg til nye utfordringar. I Mitt Ryfylke kastar han eit blikk på tida han har hatt i laksekommunen. I dette nummeret får du også den fantastiske historia til historiske Rygjabø på Finnøy som diverre brann opp tidlegare i år, i tillegg til alt dette kan du også få med deg turtips i strandkanten frå