Tilbake

Digital satsing for Yrkes- og utdanningsmessa 2020

Koronastiuasjonen i 2020 gjorde at mange messearrangører måtte tenke annleis. YUM (Yrkes- og utdanningsmessa) var ein av dei som satsa på digital versjon av messa.

Live-sending og streaming

Koronasituasjonen sette fortgang i digitaliseringa av ulike messer og arrangement i regionen, og YUM (Yrkes- og Utdanningsmessa Suldal og Sauda) ville være med på utviklinga. I tett samarbeid med Suldal Vekst og Sauda Vekst utvikla vi den digitale løysinga.

Løysinga vart ein nettportal der elevane kunne følge messa direkte på nettsida, sjå opptak og filmar, samt lesa om dei ulike bransjane, bedriftene og utdanningsinstitusjonene. Hadde ein ikkje moglegheit til å følge messa på sjølve messedagen, kunne ein sjå opptak etterpå.

Digital stand på messa

Det vart utvikla markedsføringspakkar der bedriftene og utdanningsinstitusjonane kunne kjøpe ein digital stand i nettportalen, for å profilere seg på messa. Den digitale standen var ei underside der dei kunne legge ut informasjon, legge ut konkurranser og vise filmar frå bransjen og bedriften m.m.

Det er stor etterspørsel etter arbeidskraft i kommunane i indre Ryfylke, og profilering på den digitale messa gjer at næringslivet kan nå ut til potensielle arbeidstakere. Den digitale løysinga gjer det enklare for bedriftene å nå ut til fleire og vera endå meir aktuelle. Informasjonen ligg også ute etter at sjølve messa er over, slik at profileringa varer lenger enn ein vanleg stand ville gjort.

Kreativ filtrering

Illustrasjonen på heimesida viser ei rekke med hus som kvar representerer ein bransje. Dette er ein litt annleis, men enkel, måte å filtrere på. Klikk deg inn på bransjehuset du vil vite meir om, og få informasjon om bransjen og sjå dei digitale standane til bedriftene og utdanningsinstitusjonene i bransjen.

«Koronasituasjonen satte fortgang i digitaliseringa, og gir oss mange nye moglegheiter i framtida.»
Marit Larsen, prosjektleiar YUM

Desse jobba med dette prosjektet:

Judith Sørhus Litlehamar
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
Terje Hodne
Grafisk designar og web-utviklar
Irene Landa
Senior designar