Ei meir heilskapleg drakt for Vikedal Roots Music Festival

Rootsen, som det heiter på folkemunne, har blitt arrangert i Vikedal sidan 1999. Festivalgjengarane er ei samansett gruppe i alle aldrar, med stort geografisk nedslagsfelt. Festivalprogrammet spenner over ulike sjangrar, så legender som både Sinéad O'Connor og DumDum Boys har spelt på denne scena.

For at kommunikasjonsarbeidet til ein slik festival skal bli vellukka, må det kunna femna breitt og ikkje vera altfor polert. Då Vikedal Roots Festival ønskte ei meir heilskapleg drakt, bidrog Omega 365 Design med å vidareutvikla festivalen si visuell identitet. Me lét oss inspirera av musikken og festivalen si sjel og verdiar. Her er nemleg alle velkomne, uansett kven du er eller kor du kjem frå – berre du likar musikk.

Det var viktig å halda på den røffe stilen festivalen allereie har innarbeidd over fleire år. Fonten er skreddarsydd til festivalen, og fargepaletten fekk eit løft for å nå yngre festivalgjengarar. Med utgangspunkt i den nye identiteten, har me designa nettsider med festivalkart, innhald til sosiale medium og kampanjar til artistslepp.

Drøs med oss om prosjekt, planar eller berre ein strøtanke.

design@omega365.com