Tilbake

Rysteg Bakeri

Arbeids - og inkluderingsbedrifta Rysteg har opna bakeri i Sauda som osar av både godlukt og flotte verdiar. Rysteg arbeider for at alle skal oppleve mestring og arbeidsglede, og bakeriet blir ein viktig arena for mange av dei tilsette i bedrifta.

Grafisk profil og identitet

I samband med nytt bakeri ynskte Rysteg å få laga ein grafisk profil som var ein tydeleg identitet for eit bakeri som leverer lokalmat med stoltheit og arbeidsglede, dette er ein arbeidsplass med ekte bakeglede. Me designa ein enkel og rein logo som gjer den tradisjonell, samstundes som den har eit stramt og moderne uttrykk. Den enkle og reine stilen gjer den lett å bruke i alle samanhengar, om det er på forklede, skilt, trykksaker, bildekor med meir. Logoen passar også godt til det tradisjonsrike huset bakeriet held til i, med smijernsskilt på veggen.

Profilmanual

Me har også laga ein profilmanual til Rysteg Bakeri, som set element, fargar og profilbruk i system. Fargane i profilen går frå svart til mørke bruntonar mot mot lys brun, noko som gir den eit rustikt, lunt og koseleg uttrykk. Bruntonane gir også ein varm og god atmosfære, og assosiasjonar til det rustikke med korn, mjøl og bakverk.

Ordsky med verdiar

Rysteg Bakeri ønska også å få laga ei ordsky med nokre ord som skildrar bakeriet og menneska som jobbar der. Ordskya består av orda: Ekte, Bakerglede, Stolthet, Lokalmat, Unik, Naturlig, Respekt, Muligheter, Arbeidsglede og Miljøbevisst. Ordskya er mellom anna montert opp på ein av veggene inne i bakeriet, slik at verdiane blir godt synlege, også for gjestene.

Desse jobba med dette prosjektet:

Judith Sørhus Litlehamar
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
Terje Hodne
Grafisk designar og web-utviklar
Irene Landa
Senior designar