Illustrasjonsbilde av profilen
Tilbake

Luksustelt i Suldal

Gunvor Tveita er dama bak Tveita Adventure og den unike domen på Tveitasjøen i Suldal. Me heiar på lokalt reiseliv og klappar i hendene av at folk som Gunvor vågar å satse. Dermed var gleda stor då ho tok kontakt for å tenkje marknadsføring og kommunikasjon. Me har laga den nye profilen til Tveita Adventure, i tillegg til at me har fått på plass dei nye nettsidene til bedrifta.

Bilder fra domen

Nettside

På Tveita Adventure kan du bu i eit luksustelt midt i eit fantastisk landskap, med magisk utsikt over Ryfylke. Gunvor har utvikla eit attraktivt reiselivsprodukt der du som gjest får unike opplevingar, anten du vil nyte ro og fred i domen eller gå på flotte fjellturar, oppleve meir av kva destinasjonen Suldal har å tilby, leige sykkel eller kanskje besøkje vingarden Midtsommar på Hebnes.

Sjå nettsida her

Utsnitt av nettsiden

For Gunvor var det viktig at profilen og nettsida snakka godt saman, og at den som besøkjer nettsida raskt får god oversikt over korleis domen er, kva det kostar å bu der og ikkje minst korleis ein kjem seg til Tveitasjøen.

Me landa difor på ei enkel og oversiktleg side der det er lett å orientere seg slik at ein raskt får den informasjonen ein treng. Gunvor har og sikra seg mange flotte bilete som løfter nettsida og gir lesaren lyst til å besøkje luksusteltet på halvøya.

Logo og profil

Logoen er lett å kjenne att, og viser ein tydeleg identitet, både med tanke på namn og forma av det iglo-liknande teltet som er nytta her og. Fargen grøn viser oss at dette er eit naturprodukt og speler og på den gjennomgåande miljøprofilen reiselivsproduktet har.

Lukke til med vidare satsing, Gunvor! Me gler oss til å kome på besøk!

Sjå nettsida her
Illustrasjon av logoen

Desse jobba med dette prosjektet:

Judith Sørhus Litlehamar
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
Frode Bødtker
Lærling
Linn-Henny Andersen
Designar
Fredrik Vikdal
Designar
Terje Hodne
Grafisk designar og web-utviklar
«Me er utruleg nøgd med uttrykket de har skapt for oss med den nye profilen til Vindafjord kommune.»
Stina Hetland Golf, Vindafjord kommune