Foto: Fabel, www.fabel.com

Ein konferanse med kraft i bodskapen

Då Suldal kommune arrangerte Kraftkonferansen for første gong, inviterte dei vasskraftbransjen, vertskommunar og energiministeren. Under konferansen, som gjekk over to dagar, skulle deltakarane diskutera viktige spørsmål om framtidas vasskraft. Innlegg og rundebordssamtalar utforska problemstillingane frå ulike sider, både frå kraftaktørar, grunneigarar, naturvernarar og lokalmiljø.

Det Oslo-baserte kommunikasjonsbyrået Sannum & Bergestuen jobba fram konsept og program, i tillegg til å leia konferansen. Basert på perspektiva frå konferansen, utarbeidde dei Suldalserklæringa, som skulle overrekkjast energiministeren to månader etter. Med på laget fekk dei Omega 365 Design, og me samla faglege innspel, heldt tråden i diskusjonane og bidrog med å forfatta erklæringa, i nært samarbeid med Sannum & Bergestuen. 

Ordførar i Suldal kommune, Mads Drange, overleverer Suldalserklæringa til energiminister Terje Aasland. Foto: Sannum & Bergestuen

Les meir om Suldalserklæringa her: innsidaavkrafta.no/suldalerklaeringa

Drøs med oss om prosjekt, planar eller berre ein strøtanke.

design@omega365.com