Tilbake

Ny nettside styrker integrasjonsarbeidet

KIA Norge har no lansert nye nettsider og laga eige korona-materiell for å styrke integreringsarbeidet på mange språk.

Viktig informasjon til invandrere

Vi har oppdatert logo, laget ny nettside og diverse marknads-materiell for KIA Norge. Målet var å informere innvandrere om koronasituasjonen i Norge.

KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid) er ein frivillig ideell organisasjon som sidan 1974 har jobba med integrering, språkopplæring og meistringstrening for flyktningar, asylsøkarar og innvandrarar i Noreg. KIA møter og samarbeider med menneske i svært ulike situasjonar, alt ifrå statsforvaltarar og tilskotsgivarar til frivillige og asylsøkarar. Det var derfor svært viktig for dei at nettsida skulle ha tydeleg informasjon som var enkel å finne fram til for alle.

Korona-informasjon på 33 språk!

Når korona-pandemien slo til, blei ein særs viktig del av arbeidet til KIA å sørge for at det fantes god informasjon om viruset lett tilgjengeleg for så mange som mogleg. Derfor har det blitt laga brosjyrar, plakatar, videoar og skriftleg informasjon på heile 33 språk.

Det er fleire analfabetar blant innvandrarane i Noreg, og derfor vart det viktig at dei også kunne finne fram til informasjonen med visuelle hjelpemiddel. Løysinga blei å sortere informasjonen ved hjelp av flagg i staden for berre namn på landa. Slik kan dei som ikkje kan lese også finne informasjonen på nettsida – for deretter sjå videoer med munnleg informasjon om Covid-19 på sitt språk.

Foldere og plakatar

I tillegg til nettsida blei det utarbeida foldere og plakater på fleire språk, med symbol og illustrasjonar som forklarer Korona-situasjonen på ein enkel måte.

– Det har vore ein veldig spennande prosess både språkleg og visuelt å produsere informasjonsmateriellet om Covid-19 saman med KIA. Spesielt å tilpasse design for språk med leseretning frå høgre var ei ny utfordring som det var kjekt å få bryne seg på, seier Judith Sørhus Litlehamar, kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar.

Det var utruleg flott at Omega Design kunne hjelpe oss med å få ut korona-informasjon på 33 språk så raskt
Nina Østebø, KIA Norge

Desse jobba med dette prosjektet:

Judith Sørhus Litlehamar
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
Terje Hodne
Grafisk designar og web-utviklar
Irene Landa
Senior designar
Linn-Henny Andersen
Designar og digital marknadsførar