Tilbake

Brukarvennleg nettside i tråd med hotellets interiør

Kulturhotellet Bondeheimen har pussa opp både hotell og nettside, og vi fekk gleda av å utarbeide og designe nettsida. Resultatet blei ei brukarvennleg nettside i tråd med hotellets interiør.

Ny nettside

Med Det Norske Teatret som næraste nabo ligg Hotell Bondeheimen fantastisk sentralt plassert i hovudstaden, og gjer hotellet attraktivt for både turistar og jobb-reisande. Hotellet har vore ein kulturbastion i hovudstaden i over hundre år, og gitt eit frisk pust av nynorsk til Oslo. Då hotellet vart pussa opp, syntes dei det var passande å samtidig ta ei oppussing av dei digitale flatene.

Nettsida skulle gi ei kjensle av atmosfæren på hotellet, og tydeleg vise det unike ved Bondeheimen og historia deira. Derfor er det nytta store, stemningsfulle bilete som gir eit tydeleg inntrykk av kva som ventar ein på hotellet. Fargane på nettsida er trekte ut frå interiøret etter oppussinga.

Besøk nettside

God brukaroppleving

Å gjere nettsida til ei god oppleving for kunden er det vi er mest opptatt av når vi utvikler ei nettside. For eit hotell er det viktigaste at kundene enkelt kan finne ledige rom på aktuell dato. Vi løyste det ved å ha eit søkefelt som noko av det første ein ser når ein åpner nettsida. Booking-løysinga er integrert på nettsida frå ein ekstern leverandør, slik at kundane kan bestille opphald direkte på nettsida.

Gode og mange bilete som viser hotellets resepsjon, restaurant, møterom og ikkje minst gode bilete av romma trygger kunden på at dette er eit hotell som leverer kva dei lover. Fargane på nettsida speiler også hotellets interiør, for å bygge opp under merkevaren.

Det er viktig for hotellet å vise fram kultur, litteratur og kva som rører seg i hovudstaden, og derfor har det blitt laga ei Om Oslo-side, kor ein får ei tydeleg oversikt av attraksjonar, arrangement og stader, sortert etter årstid. Ein kan enkelt sjå aktuelle tilbod hotellet har, og lese den interessante historia deira.  Heile nettsida er tilgjengeleg på både nynorsk og engelsk.

Innhald og komunikasjonsrådgjeving

Me har arbeidd tett med Bondeheimen i mange år, som tidlegare leverandør av innhald til ulike sosiale medium. Dermed kjente me bedrifta godt og har fortsatt eit nyttig samarbeid med dei. Dette ser ein resultatet av i dei nye nettsidene.

Tidlegare har me laga nettside for Kaffistova, som er Bondeheimen sin restaurant, men som også har sjølvstendig drift i tillegg. Det var viktig at den nye nettsida til hotellet samsvarte med Kaffistova si nettside, samtidig som dei begge har sin eigen profil.

Desse jobba med dette prosjektet:

Judith Sørhus Litlehamar
Kommunikasjonsrådgjevar og tekstforfattar
Terje Hodne
Grafisk designar og web-utviklar