Ei sterkare historie om Åkrafjorden

Den sunnhordlandske Åkrafjorden kan opplevast på fleire måtar – frå fjellsida langs Via Ferrata-stiar, på sykkel eller hest, på cruise, kano eller kajakk. Målgruppa er tilreisande som vil ha eit solid stykke historie, natur, kultur og lokalmat, litt utføre allfarveg. Tidlegare har Åkrafjorden Oppleving, som samlar ulike reiselivsaktørar i området, vendt seg til utanlandske turistar, med eit godt stykke kommunikasjonsarbeid.

Då me kom inn som strategiske kommunikasjonsrådgjevarar, var Åkrafjorden ein etablert aktør på jakt etter nye marknader. Men verda (og vêret) har endra seg. Etter research og målgruppearbeid, la me ein kommunikasjonsplan som i større grad vende seg til kortreiste kundar. Branding, historieforteljing og design, skal også femna norske turistar, så mykje av det operative kommunikasjonsarbeidet er på norsk. Grep innan historieforteljing, som film, foto og innhald til sosiale medium, skal skapa meir synligheit. Design er levert til både digitale og trykte flater. 

Drøs med oss om prosjekt, planar eller berre ein strøtanke.

design@omega365.com