Kommunikasjonsmedarbeidar

Vikariat Kommunikasjonsmedarbeidar

Omega 365 Design er eit lokalt design- og kommunikasjonsbyrå som har hovudkontor i Ølensvåg, med avdelingskontor i Haugesund og på Sand. Me utviklar og designar blant anna nettsider, appar, visuelle profilar, reklamemateriell og film. Me tilbyr kommunikasjonsrådgjeving, PR-arbeid og tekstproduksjon til nett og sosiale medium, i tillegg til kursing, med mål om å gjera kundane våre meir synlege i marknaden.

Som kommunikasjonsmedarbeidar i Omega 365 Design vil du vera ein del av kommunikasjonsavdelinga vår, som jobbar med mange spennande og varierte kundar.

Me ser etter deg som:

  • Er sjølvgåande, strukturert og proaktiv
  • Likar å jobbe i team
  • Er løysingsorientert
  • Kan skriva gode kommersielle og redaksjonelle tekstar, samt har evne til å forenkla det komplekse
  • Er god på historieforteljing

Har du erfaring med å ta bilete er det eit pluss.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan journalistikk, medier og kommunikasjon eller anna relevant utdanning.
  • Arbeidserfaring innan kommunikasjons- og innhaldsarbeid.
  • God i engelsk, nynorsk og bokmål.

Som kommunikasjonsmedarbeidar i Omega 365 Design vil du:

  • Produsera innhald for kundane våre.
  • Jobba tett saman med designarar, rådgjevarar, filmprodusentar og marknadsførarar.
  • Produsera redaksjonelle saker, saker til nettsider, pressemeldingar og andre tekstar.
  • Produsera innhald i form av foto, salstekstar, filmsnuttar og liknande til nettsider, sosiale medium, trykte flater o.l.
  • Gjere omsetjingsarbeid.

Er du målretta, har kommersiell teft, er sjølvgåande og er glad i å skriva, så kan dette vera midt i blinken for deg!

Oppstart: hausten 2022

Ønskjer du å søkja jobb hjå oss?

Klikk deg vidare via linken og fyll ut profil på jobbportalen til Omega 365.
Alle søknadar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Viss du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med dagleg leiar Astrid.

Bilde av Astrid Eidhammer Hjelmeland
Astrid Eidhammer Hjelmeland
(+47) 971 94 788astrid@omegadesign.no