Lansering av visitsuldal.no

Lansering av visitsuldal.no

Styrkar posisjonen som attraktivt og berekraftig reisemål.

– Suldal og gjestene våre fortener ein god presentasjon av kva ein kan oppleve av natur og aktivitetar, kultur og historie og ikkje minst folk, seier Laila Steine i Suldal Vekst i ei pressemelding om den digitale satsinga på reiseliv.

Skattkammeret Suldal og reiselivet lanserer no plattforma Visit Suldal – målet er at Suldal skal styrke sin posisjon som eit attraktivt og berekraftig reisemål.

Me fekk utvikle nettsidene til Visit Suldal, i tillegg til at me har vore med på produksjon av innhald - både til nettside, sosiale medium og i PR-arbeidet. Me har også modernisert Skattkammerprofilen, og gjort profilmanualen enklare og meir oversiktleg.

– Reiselivet er ei moderne næring som skaper arbeidsplassar. Gjestene er digitale i det meste dei gjer, og kommunikasjonen må målrettast meir mot rette og viktige gjestegrupper. For Suldal sin del var det på tide å styrke fokus på digitale kanalar og gjere eit løft både på nett, sosiale medier og i kommunikasjonen med gjestene våre, seier Steine om den digitale satsinga.