Viser fram Blekkslageren

Viser fram Blekkslageren

KV-Bygg sastar litt ekstra på blekkslageren og har produsert ein brosjyre med informasjon.

KV-bygg Suldal veit at godt kommunikasjonsarbeid gir resultat. No har dei produsert ny brosjyre om blekkslagaren på Sand.

Byggefirmaet KV-bygg Suldal har eit mål om å bli det leiande byggefirmaet i Suldal og indre Ryfylke. Dei veit at kommunikasjonsarbeidet er viktig for å nå slike mål, og brukar aktivt både nettsider, sosiale medium og trykte medium til å bleste prosjekta sine. No satsar dei litt ekstra på blekkslagaren og har produsert ein flyer som viser kva blekkslagaren kan produsere.

Brosjyren viser at bedrifta produserer pipehattar og ulike beslag i eit bredt spekter av material, og ikkje minst unikt tilpassa ditt hus. I produksjonen av brosjyren var det viktig for oss å dokumentere produkta via gode bilete, og få på plass ein tekst som viser at bedrifta har kompetanse til å produsere kvalitetsprodukt.‍

Ta ein kikk på brosjyren.

‍Me takkar for jobben med brosjyren - og ynskjer lukke til med blekkslagarverkstad på Sand!