Ny utgåve av Suldalsbrosjyren

Ny utgåve av Suldalsbrosjyren

No kjem den toårige Suldalsbrosjyren i ny drakt. Den gir eit unikt innblikk i kva Suldal har å by på.

Suldalsbrosjyren gir eit unikt innblikk i kva Suldal har å by på. Her er mektige naturopplevingar, koseleg kafèliv i sørlandsinspirerte gater på Sand eller banebrytande arkitektur på Høse bru.

Målet er at turistar og besøkjande får god oversikt over kva aktiviteter, overnattingsstadar og serveringsstadar Suldal har. Kanskje er det og nokre uoppdaga perler for dei som bur i kommunen også?

Det er Suldal Turistkontor som er utgjevar av brosjyren, me fekk jobben med å gå gjennom tekstar og ikkje minst gi brosjyren eit grafisk løft.

Me ynskjer Suldal Turistkontor lukke til med ein spanande turistsesong!

Les Suldalsbrosjyren her.