Nettside til ETA energi

ETA energi gir grøne råd

Eta Energi brenn for å gi kundane råd som fører til eit grønare og smartare energiforbruk. Omega Design har laga nye nettsider for Eta Energi, slik at det blir enklare å finne fram til dei gode råda.

– Me hadde ei nettside som ikkje var moderne, og som var vanskeleg å få god oversikt i. Det var på høg tid me fekk ny, også med tanke på GDPR, meiner dagleg leiar Frode Styve. 

Eta Energi er eit frittståande rådgjevande ingeniørfirma innan fagområda energi, miljø, VVS-teknikk og inneklima. Selskapet som har kontor i Haugesund blei stifta i 2001 og har i dag fem tilsette. 

Grøn profil

Dei nye nettsidene har ein grøn og miljøvennlig profil, både med tanke på fargeval og tekst på framsida. I nettsida er det også enkelt å navigere mellom meir informasjon om Eta Energi, kontaktinformasjon, kva fagfelt dei har kompetanse innan og kva tenester dei tilbyr.

– For oss var det viktig at kundane våre lett kunne sjå kva me kunne tilby, i tillegg til at det bør sjå moderne og visuelt ut. Det var også viktig at me lett kunne gjere endringar i tekst og bilete sjølv, det kan me i systemet til Omega Design, slår Styve fast.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at ein får nye kundar berre ein har nye nettsider, men det gir heile omdømmearbeidet og kommunikasjonsarbeidet eit tydeleg løft, det er viktig. 

Han viser til at han hadde kjennskap til designar Irene Landa frå før, og tok kontakt med henne no også.

– Ho kjenner oss godt og veit difor mykje om korleis me ynskjer å presentere oss, meiner han.

Enkle tiltak

Styve er oppteken av at kommunikasjonsarbeidet til Eta Energi skal henge godt saman, med tanke på kanalar som sosiale medium, nyhendebrev til kundar og samarbeidspartnarar og ei god nettside. Dei største målgruppene til Eta Energi er dei som brukar mykje energi, som industribedrifter, offentlege verksemder, eigedomsselskap, institusjonar innan helsesektoren og kommunar. Dei har som mål å få fleire store og gjerne landsdekkande avtalar i boks i tida framover.

– Me ynskjer å lære kundane våre lette, men effektive tiltak som gir god og grøn effekt. Det kan handle om korleis ein nyttar energiforbruket på ein god måte, avfallshandtering eller tips om korleis ein kan drive meir berekraftig, meiner Styve.

– Me ser at dei aller fleste verksemder har mykje å hente på slike tiltak, men det er ofte vanskeleg å sjå det sjølv, då er rådgjevinga vår viktig. 

Desse jobba med dette prosjektet

Terje Hodne
Grafisk designar og web-utviklar